I 10 år levde Jarle Kvalheim sitt dobbeltliv før han vart avslørt for eit år sidan. Då hadde arge konkurrentar sett seg leie på at selskapet OK-Fish Kvalheim kjøpte dyr fisk, selte den billeg, og likevel tente store pengar. Dei gjekk til styresmaktene og bad dei slå til mot Kvalheim. Opplysningane som kom fram sjokkerte alle. Kvalheim hadde systematisk lurt skattestyresmaktene til å betale han ut 300 millionar kroner han ikkje hadde krav på.
Samfunnsrefsaren
Det som gjorde fallhøgda ekstra stor var rolla Jarle Kvalheim hadde spelt i Vågsøy-samfunnet og gjennom media elles. Han starta opprøret som førte til at fiskerisjef Rolf Petter Vetvik fekk jobben, då stillinga hans vart omgjort til regiondirektør for fiskeri i Sogn og Fjordane. Han gjekk i bresjen, og fekk gjennomslag, for å kaste Liv Henjum som ordførar i Vågsøy. Han klandra andre eksportørar for å spekulere i auka forkvoter, og han kjempa mot sentralisering av bankar. Dermed var det ingen anonym næringslivsmann som vart teken med buksa nede då Økokrim og fylkesskattesjefen slo til.
Stadig større
Også i næringslivet gjorde Kvalheim suksess. Selskapet OK-Fish Kvalheim fekk stadig større omsetnad, og overskot som var eigna til å gjere konkurrentane grøne av misunning. I 1999 hadde han ein omsetnad på 459 millionar kroner og eit overskot på 25 millionar kroner. For 2000 budsjetterte han med 820 millionar kroner i omsetnad og eit overskot på 55 millionar.
For konkurrentane må Kvalheim har vore ein pest og ei plage. Dei opplevde at han overbydde dei når oppdrettarane i Nord-Noreg hadde fisk til sals, og at han samtidig fekk stadig meir pengar på kontoen. Men det hadde altså ei enkel årsak.
Fann eit hol
Det Kvalheim hadde gjort var å utnytte eit hol i skattevesenet sitt kontrollsystem. Han kjøpte altså laksen i Nord-Noreg, samtidig som han heldt til i Sogn og Fjordane. Fylkesskattesjefen i Sogn og Fjordane fekk eitt sett med dokument der det stod at han hadde betalt moms for fisken han kjøpte i Nord-Noreg. Seljaren fekk eit anna sett der det stod at han ikkje hadde betalt moms. Etter som fisken gjekk til eksport fekk Kvalheim tilbakebetalt momsen han skulle ha betalt. Det var først når begge setta med dokument vart sjekka at omfanget av svindelen vart avdekka. Då viste det seg Kvalheim hadde svindla til seg 293 millionar kroner.