Hopp til innhold

Mann skadd i motorsykkelulukke

Ein 46 år gammal tysk turist er frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse etter ei motorsykkelulukke i Brekke.

Ulukka skjedde litt før klokka 18 onsdag kveld. Mannen køyrde utfor vegen, og skadde ei skulder. Han fekk òg fleire brotne ribbein. Politiet veit framleis ikkje noko om årsaka til ulukka.