Mannen vart pågripen torsdag ettermiddag og blir framstilt for varetektsfengsling kl 13 i fredag.
Haikaren aldri sjekka ut av saka
Mannen sat seint torsdag kveld i avhøyr på lensmannskontoret i Førde. Den sikta skal vere påfallande lik den såkalla "haikaren"
Ikkje straffedømd
Den sikta er ein tidlegare kjenning av politiet, i samband med meir bagatellmessige saker, seier Fonn, men mannen er ikkje tidlegare straffedømd.
Drepen 6. juni
Anne Slåtten vart funnen drepen 6. juni i år i eit skogholt i Førde sentrum. Drapet skal ha skjedd mellom klokka 7:00 og 7:30 då ho var på veg til jobb på Førde Helsetun.
Pressekonferanse klokka 10
Fredag skulle politiet gjennomført ein ny rekonstruksjon av vitneobservasjonar. Den vart avlyst, og politiet har i staden varsla ein pressekonferanse klokka 10 fredag.