Mann påkøyrd – bilist stakk av

1.55: Mann (20) påkøyrd og kasta over autovernet ved Våge på Tysnes. – Bilen køyrde vidare, men både bilen og føraren (mann, 18) blei funnen igjen. Det er mistanke om promille, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Lars Geitle. Føraren er fråteken førarkortet. Den påkøyrde var oppegåande, men hadde vondt i kneet, var ør og svimmel.