Hopp til innhold

Mann køyrde 30 mil i fylla – stoppa for å drikke meir vodka

Mannen køyrde frå Ålesund mot Bergen med 2 i promille. Etter 28 mil small det.

Trafikkulykke ved Noreviktunnelen

KRASJA: I Noreviktunnelen i Høyanger kolliderte mannen med ein barnefamilie.

Foto: Julianne Bråten Mossing

Tidleg ein marsmorgon i fjor sette mannen i 60-åra seg i bilen i Ålesund med retning Bergen, ein køyretur på om lag 42 mil.

Etter om lag 28 mil small det.

I Noreviktunnelen i Høyanger kommune kom mannen over i motsett køyrefelt og frontkollidert. I den andre bilen sat ein familie med to barn.

Blodprøva fire timar etter kollisjonen synte ein promille på 1,78.

Stoppa for å drikke meir vodka

I november måtte mannen stille for retten i Sogn og Fjordane tingrett.

I forklaringa fortel mannen at han hadde begynt å drikke vodka om ettermiddagen og utover kvelden og natta – til han sovna.

Tidleg om morgonen neste dag sette han seg i bilen for å køyre til Bergen.

Til retten seier han at han stoppa på Skei og drakk «nokre gode slurkar» vodka før han køyrde vidare. Mannen forklarte òg at han visste at han var påverka av alkohol då han køyrde.

Sjølv fekk han eit brot i foten, og brot i brystbeinet medan føraren i den andre bilen vart hardt skadd med fleire brotne ribbein og indre blødingar.

Høg fart

Retten høyrde forklaringar frå vitne som blei forbikøyrd av mannen i forkant av ulykka. Begge forklarte at han hadde køyrt veldig fort.

Basert på passering gjennom bomstasjon og til naudetatane vart kontakta, kunne politiet rekne seg fram til at køyreturen hadde teke rett under 34 minuttar, og at mannen hadde ein gjennomsnittsfart på 88,54 km/t.

Retten meinte det dermed var bevist utan tvil at mannen hadde køyrt utan å vere aktsam nok. Noko mannen erkjende straffskuld for å ha gjort.

Kosta han nær 700.000 kroner

Då retten skulle vurdere straff, var det skjerpande at mannen hadde køyrt så langt med 2 i promille, og at det enda i kollisjon med alvorleg skade.

I tillegg er mannen er tidlegare straffedømd for ruskøyring i 2013.

Mannen blei dømd til 120 dagar i fengsel og må betale 100.000 kroner i bot og mistar vidare førarkortet «for alltid» eller i minst fem år. Han må òg betale 162.954 kroner til forsikringsselskapet.

Han må òg betale erstatning på til saman 300.000 kroner til føraren og borna i den andre bilen.