Hopp til innhold

Mann er tiltala for å true og valdta kvinne i Bergen i 1995

Statsadvokaten har teke ut tiltale 29 år etter hendinga. Den fornærma meldte valdtekta til politiet i 2022. – Ei grov sak, seier bistandsadvokaten. Mannen erkjenner ikkje straffskuld.

Politihuset Bergen

Politihuset i Bergen.

Foto: Oda Flaten Lødemel

Ein mann er av statsadvokaten tiltala for truslar og valdtekt av ei kvinne i Bergen i 1995.

– Forholdet blei meldt til politiet av den fornærma i 2022, seier statsadvokat Kristine Herrebrøden til NRK.

Dei to kjente kvarandre då hendinga skal ha skjedd. No er begge i 50-åra.

Mannen skal ha uttala «i dag skal du døy» eller liknande, trua kvinna med ein kniv mot hovudet, halde henne fast og hindra ho i å forlate rommet.

Så skal han ha valdteke henne, ifølgje tiltalen. Saka har strafferamme på over seks år.

Det er sett av to og ein halv dag til rettssaka i Hordaland tingrett frå 20. august.

– Ei grov sak

– Dette er ei grov sak som har fått fatale konsekvensar for den fornærma kvinna, seier bistandsadvokaten May Britt Løvik.

Ho seier at saka har vore grundig etterforska.

– Det er tatt ut ei tiltale som viser alvoret.

Erkjenner ikkje straffskuld

Mannen erkjenner ikkje straffskuld, ifølgje forsvarar Erik Johan Mjelde.

– Han oppfattar det som heilt absurd og uforståeleg, heile saka. Det er særdeles spesielt at det blir fremma tiltale for ei hending som skal ha skjedd for 29 år sidan. Det gir veldig store utfordringar knytt til bevissituasjonen og hukommelse, seier Mjelde.

Mannen kjenner seg ikkje att i det som går fram av tiltalen.

– Tidspunktet for hendinga er ikkje tidfesta. Det mest vesentlege for den tiltala, vil først og fremst vere å tilbakevise at sjølve hendinga har skjedd.

Mjelde seier at den tiltala mannen har forklara seg til politiet om det som er relevant i saka.