Ein mann i 50-åra med infuensa (A(H1N1) døydde laurdag på Haukeland universitetssykehus.
Mannen hadde ingen kjend underliggjande sjukdom, melder Helse Bergen i ei pressemelding.
Dødsfallet er det sjuande i Norge som kan knyttast til den nye influensaen.
Tidlegare er det meldt seks dødsfall knytta til influensa A(H1N1), ei kvinne frå Oslo, ein mann frå Oppland, ein mann frå Telemark, ein tenåring frå Vestfold, ei kvinne frå Akershus og ein dansk mann som oppheldt seg i Norge.