Hopp til innhold

Mann arrestert etter funn av blodig person

Ein mann er arrestert på Kleppestø etter at ambulanse tidlegare i kveld henta ein blodig mann på staden.

Blodig mann funnen på Kleppestø - ein arrestert

– Vi veit svært lite om kva som har skjedd. Vi er akkurat no i ferd med å få snakka med fornærma, som blei sendt til sjukehus då han blei funnen, fortel operasjonsleiar i politiet, Bjarte Rebnord.

Både kriminaltekniske undersøkingar og kriminalsøkshund er blitt brukt i etterforskinga på staden.

Rundt klokka 18.00 i ettermiddag fekk politiet melding om at blodig mann var funnen på Kleppestø i Askøy. Han er lettare skadd etter hendinga.

Mann arrestert

Ein mann er arrestert i samband med saka. Den blir førebels etterforska som lekamsskading, men politiet gjer merksam på at dette kan endre seg etter kvart som fleire opplysningar kjem til.

– Han var i same område som fornærma, og det grunn til å tru at han har vore involvert. Fleire opplysningar enn det vil eg ikkje ut med no, seier Rebnord.

Mannen er sett i varetekt, og vil bli avhøyrd i kveld. Det er førebels usikkert om han må tilbringe natta i arresten for vidare avhøyr i morgon.

Kutt i hovudet

Då mannen blei funnen var han blodig, og hadde eit kutt hovudet. Blodspora på staden er ein av årsakene til at politiet har gjort kriminaltekniske undersøkingar for å sikre prov.

– Vi har også snakka med folk i området. Rundspørjinga har vi akkurat avslutta no, så politiet vil reise frå staden snart, fortel Rebnord.