Hopp til innhold

Mangla proppar i Høyangerbadet

Bygg og eigedomssjef i Høyanger kommune, Tore Austreim, seier seg lei for at ein ni år gammal gut vart sitjande fast i eit basseng i Høyangerbadet i går.

Innandørsbassenget i Høyangerbadet
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Handa til guten sat fast i ein vakuumsugar i bassengkanten, og redningsarbeidet tok fleire timar .

Skal sjå på rutinane

- I bassenga har vi nokre små hol det normalt sett skal stå nokre proppar i for å hindre ungar og andre å ta hendene inn i desse opningane, seier Austreim.

- Men i dette tilfellet var ikkje proppen der. I tillegg var ikkje ventilen 100 prosent lukka.

- Men er ikkje dette noko dei ansvarlege ved drifta må gå gjennom og sjekke at alt er i orden ?

- Jo, det er det. Vi skal evaluere heilskapen i dette i forhold til dei rutinane vi har for å ta av undertrykk i røret. Og så må vi få til ei løysing som er betre enn dei proppane vi har i anlegget i dag.