I 2009 vart det registrert det høgste talet på landbruksbrannar på over ti år i Norge.
Ny statistikk frå Gjensidige viser at berre 39 prosent av bøndene i Sogn og Fjordane har installert brannvarslingsanlegg på garden sin.
Tidleg varsling
Kvart år brenn det på mellom 15 og 20 gardsbruk bare i Sogn og Fjordane. I fjor betalte forsikringsbransjen ut rundt 17 millionar kroner i erstatning etter 18 gardsbrannar i dette fylket.
– Tidleg varsling av brann har vist seg gang på gang å vera forskjellen mellom «berre» eit branntilløp og eit nedbrent gardsbruk, seier leiar for landbruk i Gjensidige, Svein Atle Steinbru i ei pressemelding.
Brannvarslingsanlegg reddar kvart år verdiar for mange titalls millionar kroner, men ikkje minst reddar det også fleire menneskeliv og mange hundre dyreliv, påpeiker han.
Elektriske årsaker
Elektriske årsaker står for over halvparten av alle brannar i landbruket. Steinbru meiner at det har vore for lite merksemd rundt brannårsaker og brannberedskap dei siste årene.
I tillegg har mange av brannvarslingsanlegga som vart montert på 90-talet, no trong for ettersyn og oppgraderingar.
– Me i Gjensidige er glade for å sjå at det er stadig fleire som tar jamlege kontrollar av det elektriske anlegget på garden sin. 45 prosent av bøndene i Sogn og Fjordane har gjennomført elkontroll, noko som er ein auke på 18 prosentpoeng på de siste fem årene, seier Steinbru.
Strengare krav
Garder med husdyrhald har strengare krav og påbod om brannvarsling.
– For at Gjensidige skal forsikra en gard med husdyrhald, krev me at brannvarslingsanlegg er montert. Men me oppfordrar på det sterkaste at også dei utan husdyrhald installerer brannvarsling, seier Steinbru.