Hopp til innhold

Mange nyt sola i skibakken

Alpinanlegga kring om i fylket melder om fine forhold og mykje folk i bakkane denne helga.

Harpefossen

NYT SOLA I SKIBAKKEN: Aud Espe Haraldsen og Oskar Haraldsen (bilde) koser seg i sola på Furuhogane etter å ha køyrt på ski i og utanfor løypene. Laurdag var Aud heisvakt i skileikområdet, medan Oskar var på topptur på Blåsalen.

Foto: Stein Bjørhovde

– Vi har vel 130 gjester allereie, seier Merete Helgheim ved Jølster skisenter når NRK snakkar med ho klokka 13 sundag.

Ho melder om sol og flotte løyper, og seier dei har plass til fleire i bakken. Ho reknar med at storinnrykket startar no ut over ettermiddagen.

– I går hadde vi 500, men då var det også renn. Då arrangerte vi Super-kombi, det vil seie Super-G og slalåm, seier Helgheim.

NRK sin ringerunde til nokre av skianlegga i fylket syner at folk har nytta helga i skibakken. Også i Nordfjord syner vêrgudane seg frå si beste side. Sjølv om det før helga vart sendt ut obs- varsel for mykje vind i fjellet , er forholda fine i alpinbakkane.

– Vi har hatt jamt mykje folk både laurdag og sundag, utan eg har konkrete tal å syne til. Men det har i alle fall vore bra fullt på parkeringsplassen begge dagane, seier Stein Bjørhovde ved Harpefossen skisenter i Eid.

Påskestemning

Ved Sogn skisenter på Heggmyrane i Luster melder driftsleiar Runar Tørvi om reine påskestemninga.

– I går var det veldig flott med sol mykje folk, også i fjellet. I dag er det litt meir overskya og litt kaldare så det er ikkje så mange turløparar, men i bakken er du fullt.

– Kor mykje folk har du hatt innom i løpet av helga?

– Dersom vi seier 600 i går og 400 i dag så skal vi ikkje vere så langt unna, seier Tørvi.

Sogn skisenter

FLOTTE FORHOLD: Folk kosar seg i skibakken på Sogn Skisenter

Foto: Runar Tørvi