Hopp til innhold

Mange ligg heime med influensa

På skulane er elevar vekke, og på arbeidsplassar rundt om i Sogn og Fjordane tynnast det i rekkene. Influensa-sesongen starta rett før jul og er no på full fart oppover.

Influensa

MANGE SJUKE: No om dagen er det mange som må halde seg i senga med influensa.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

På Førde Barneskule er fråveret høgare enn vanleg denne veka. 15 av dei totalt 250 elevane ligg heime med feber, hoste og rennande nase, fortel rektor Åsmund Rakke.

– Vi har ein svak auke i forhold til før juleferien når det gjeld elevar som er vekke, seier han.

Håper det ikkje breier om seg

Du har kanskje allereie vore gjennom det, eller kjent noko illevarslande i kroppen - i så fall er du ikkje åleine. Januar er influensa-tid, difor trur ikkje Rakke dette blir einaste dagen med tomme pultar.

– Vi kjem nok til å ha ein del elevar vekke. Vi får berre håpe at det ikkje breier om seg og blir meir voldsomt.

Mange er immune

Og voldsomt blir det heller ikkje skal vi tru Folkehelseinstituttet. Influensasesongen starta rett før jul, og det finst allereie tilfeller av svineinfluensa. Antal sjuke med vanleg influensa er svakt aukande, men langt frå eksplosjonen vi såg i fjor.

– Vi reknar med at denne influensaen vil bli mindre omfattande enn det var under pandemien i fjor. Den blir mindre omfattande i Norge fordi ein så stor del av befolkningen er immune mot dette viruset, fortel fungerande avdelingsdirektør Bjørn Iversen i Folkehelseinstituttet.

Vask hendene!

Bjørn Iversen

Bjørn Iversen ved Folkehelseinstituttet seier at influensaen denne sesongen blir mindre omfattande enn i fjor.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Det er fordi fleire har vaksinert seg og fordi 60 % av oss rett og slett er immune mot svineinfluensa-viruset. Men nokre av oss vil bli sjuke av vanleg influensa, og særskilt denne veka, når juleferien er over og vi er tilbake i smittesentralane jobb, barnehage og skule.

Då er det viktig at alle gjer sitt for å hindre spreiing av smitte. Vask hendene, ikkje nys eller host på andre og oppsøk lege ved behov. Det er oppmodininga frå Iversen.

– Ta godt vare på seg sjølv, eventuelt ta febernedsettande ved høg feber. Og så er det viktig å ha ein låg terskel for å kontakte lege dersom du blir alvorleg sjuk, få alvorlege symptom eller bli veldig påverka.

– Ver heime

Ved Førde barneskule håper rektor at dei sjuke blir verande til dei er friske igjen. Det har han erfart er det viktigaste tiltaket for å hindre at andre blir sjuke.

– Eg tykkjer at foreldra skal vere heime med borna med god samvittigheit. Har ungane klare influensasymptom, så ver heime.