Hopp til innhold

Kan måtte permittere 18 personar i Alexela Sløvåg om ikkje dei får aktivitet ved bedrifta

Alexela Sløvåg kan måtte permittere mange av dei 18 tilsette dersom dei ikkje får meir aktivitet ved anlegget.

Alexela i Sløvåg i Gulen.

INGENG AKTIVITET: Alexela Sløvåg sitt anlegg i Gulen er utan aktivitet og leiinga fryktar mange av dei 18 tilsette kan bli permitterte (Arkivbilete).

Foto: Steinar Lote / NRK

Mange av dei 18 tilsette ved Alexela Sløvåg sitt anlegg står i fare for å bli permitterte dersom det ikkje snart blir aktivitet ved anlegget.

– Så langt står tankane tomme og det kan bli permitteringar, seier dagleg leiar ved anlegget, Lars Narverud.

– Vi er vel såpass nærme at vi bør vite noko før jul. Det er vi uansett avhenginge av for vi har jo løpande kostnadar som ikkje kan halde fram om det ikkje kjem noko drift på terminalen.

Kva om det ikkje kjem noko avklaring før jul?

– Då må vi kutte kostnadar. Vi har jo allereie investerte over 500 millionar her og det er store summar som eigarane har lagt ut, så på eit eller anna tidspunkt må det komme pengar inn att. Gjer det ikkje det så blir det kostnadskutt. Og då er det i første rekkje snakk om permitteringar, seier Narverud.

Konseptet ved anlegget er endra frå mellomlagring til eit anlegg der det skal tilsetjast produkt i bensinen.