Hopp til innhold

Må seie frå seg NM i skiskyting

Vik idrettslag seier frå seg junior-NM i skiskyting neste år. Årsaka er brannen på Hopstock Hotell.

Hopstock Hotell

BRANN NED: Hopstck Hotell blir ikkje bygd opp att og Vik står no utan hotell.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Då hotellet brann ned i mai i fjor, mista arrangøren mange sengeplasser.

Skuffa ordførar

Marta Finden Halset

ORDFØRAR: Marta Finden Halset.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Ordførar i Vik, Marta Finden Halset, tok imot meldinga med tungt hjarte i dag.

– Det forferdeleg trist. Det er faktisk valdsamt trist. Men eg ser at det er praktiske årsaker som gjer at ein ikkje får det til. Vi har mange entusiastiske sjeler her, og det er stor dugnadsånd. Vi har eit nydeleg og flott anlegg, så dette skulle vi fått til. Eg er skuffa, seier Findel Halset til NRK.no.

Med Ann Kristin Aafedt Flatland i spissen, har Vik eit blømande skiskyttarmiljø. Idrettslaget har investert store summar og mykje dugnad i opprusting av skianlegget.

Men Hopstock, som einaste hotell i Vik, brann i mai i fjor og hotellet blir ikkje bygd opp att.

Lyst ut på nytt

Vik IL hadde frist å komme med ei løsying på overnattingsproblemet innan 17. mars. Men idrettslaget følte ikkje dei kom opp med løysingar som var gode nok med tanke på den rammene som følgjer eit NM, skriv skiskyting.no.

No blir meisterskapen lyst ut på nytt. Ordføraren i Vik håpar at dei får arrangere på nytt i framtida.

– Vi håpar vi får moglegheita seinare, seier ho.

Vik skisenter

VIK SKISENTER: Her skulle neste års junior-NM i skiskyting gå av stabelen

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK