Hopp til innhold

Må kutta 10 millionar

Bremanger kommune må kutta 10 millionar kroner i løpet av 2008.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger.

Ordførar Kåre Olav Svarstad må skjera drastisk ned på budsjettet framover.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Me må byrja på årets budsjett og konsentrera oss om det fyrst, seier ordførar Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger.

Terra-tap

Budsjettkuttet kjem som følgjer av Terra-tapa, men er kun ein liten del av dei i alt 181 millionane kommunen på sikt må kutta for å dekka dei totale tapa.

Ordføreren har endå ikkje oversikt over detaljene rundt kutta, men seier at dei vil fordela seg jamt utover de ulike sektorane.

- Det vert ikkje tilsett nye stillingar som var føreslegne i budsjettet og me må redusera på overtid, vikarbruk, reiser og generelle ting, seier Svarstad.

Må redusera det dobbelte

Kommunen vil også nedprioritera vedlikehald og redusera på invisteringar og spesialundervisning.

Men sjølv om sparingstiltaka vil ha ein samla verdi på 10 millionar kroner veit kommunen at den på sikt må spara inn 181 millioner kroner.

- Me har redusert mykje so langt og me må kanskje ta det dobbelte i 2009, seier Kåre Olav Svarstad.