Hopp til innhold

Må i fengsel for trippelpåkøyrsle

Ein mann i 30-åra må sone åtte månader i fengsel, etter at han i alkoholpåverka tilstand køyrde ein bil inn i ei folkemengd i Fresvik.

Mannen var i august 2008 førar av ein bil, som køyrde ned tre personar i ei folkemengd i Fresvik i Vik.

LES MEIR: Køyrde ned tre personar og stakk

LES OGSÅ: Mann tiltalt for grov aktløyse

Dømd etter alle tiltalepostane

Retten meiner den domfelte handla grovt aktlaust, ettersom han med høg promille sette seg i ein bil og køyrde langs ein smal og til dels mørklagd veg - der han visste at det kom til å vere mange fotgjengarar på veg til eit arrangement.

Han let også vere å stanse etter at ulykka skjedde, og Sogn tingrett dømde mannen etter alle tiltalepostane.

Fråteken førarkortet på livstid

Sogningen må sone åtte månader i fengsel, der 120 dagar av straffa vert usett med ei prøvetid på to år. Mannen er også dømd til å betale oppreising til den eine personen i ulykka med 75.000 kroner.

I tillegg er mannen fråteken retten til å køyre bil for alltid.