– Vi ser at dette er eit stort problem. Vi bruker meir klor og filteret til reinseanlegget blir fortare tett, seier Wenche Tokheim ved Odda Folkebad.
Plakatar med vaskereglar heng tett i tett. Frå inngangen, på dørene, på veggane i garderobane og i dusjområdet. Dei heng over alt.
– Eg har vel helst gått berserk med plakatane, men det er så viktig, seier Tokheim.
Men det ser likevel ikkje ut som at bodskapen går inn.
I sist veke måtte badet bruka heile 50 liter klor på to dagar. Normalt brukar folkebadet i underkant av ei kanne med klor på 25 liter på ei heil veke.
Andre badeanlegg har opplevd same problemet, blant anna utandørsanlegget Gamlingen i Stavanger.
Saka var først omtalt av Hardanger Folkeblad.
Plakatar med vaskereglar heng i garderoben.
"Fint om du alltid dusjer naken her på badet".
Dette er det første du møter ved inngangsdøra.
Eit av mange skilt hos Odda Folkebad.
Allergi og hudproblem
Klormengda blir regulert automatisk etter behov. Når det blir brukt meir klor, tyder det at ikkje alle er like flinke til å vaska seg.
– No er det uvanleg mykje. Folk må tenka seg om. Eg synest ikkje det er greitt at folk skal gå i bassenget utan å vere reinslege, seier Tokheim.
Konsekvensane ved å bruka meir klor er at fleire kan få allergi og hudproblem. Ungar pustar det inn og kan svelga vatn med mykje klor i seg.
Ho trur ein viktig grunn til at mange ikkje vaskar seg er at folk ikkje tenkjer over kor viktig det er.
– Mange trur klor gjer dei reine, og at dei heller kan vaska seg når dei kjem opp igjen.
– Eg har vel helst gått berserk med plakatane, men det er så viktig, seier Wenche Tokheim i Odda Folkebad.
Foto: Tale Hauso / NRKFlaue for å visa seg nakne
Ho seier at sjølv om mange er flinke, så kan berre ein person øydelegga mykje ved å ikkje vaska seg.
– For då forureinar den eine personen opp til like mange som 50 badande.
Tokheim seier at dette er eit problem som gjeld alle, men at det er ulike kulturar der det er ulikt korleis ein vaskar seg. I tillegg ser ho ei endring blant unge.
Ho seier at det i dag verkar som at mange fleire er flaue over å vera nakne blant andre.
– Mange skal ikkje visa seg. Det kan sjå ut som at nokon synest det er flaut å vaska seg. Når ein ikkje vaskar seg, så gjer ikkje den andre det heller. Og så følgjer det eine med det andre.
Mellom 300–400 besøker bassenget kvar veke. Talet på besøkande har auka.
Klormengda blir regulert automatisk etter behov.
Foto: Tale Hauso / NRKViktig lærdom
Elevar ved Tyssedal barneskule har kome seg ut i det 25 meter lange svømmebassenget. Dei har fått god opplæring i korleis dei skal vaska seg før dei stuper uti.
– Elevane hos oss må dusja kvar gong dei skal ut i badet, og dei må vera heilt nakne. Det er vi veldig strenge på, seier lærar Terje Lekve ved Tyssedal barneskule.
Han seier at dei ikkje ønskjer for mykje klor i vatnet, då dei har elevar som ikkje kan vera med i badet grunna det.
– Det er heller ikkje bra å bada i andre sin skit. Det liker vi ikkje, seier Lekve.
Terje Lekve er lærar ved Tyssedal barneskule. Her er dei opptatt av å læra elevane gode vaskerutinar før dei går i bassenget.
Foto: Tale Hauso / NRK