Hopp til innhold

Vreid får drahjelp av Paradise Lost

Det gamle storbandet Paradise Lost hadde nøkkelen til sognebandet Vreid sine englandsplaner.

Vreid

VREID: Metallbandet Vreid er for alvor byrja å bli internasjonale. Etter å ha fullført USA-turné og europaturne, har no Paradise Lost opna dørene for England.

Foto: Gøril Sætre

I sommar skal metallbandet frå Sogndal turnere England med sine eigne heltar og inspiratorar i Paradise Lost.

Vreid blir oppvarmingsband under britane sin neste turne i heimlandet.

– Det passa perfekt på alle måtar. Vi har hatt fokus på å gjere noko mot Europa, USA og England. No har vi gjort europaturne og USA-turne, så då tilbodet kom frå Paradise Lost, var det akkurat det vi søkte etter, fortel bassist Jarle Kvåle.

Passar perfekt

Britiske Paradise Lost vart stifta på slutten av 80-talet og blir av mange rekna som pionerar for innanfor genrene «doom metal» og gotisk metall.

– Utover 90-talet var dei mellom dei største i sjangeren, og skapte sin eigen stil innan metall. På byrjinga av 2000-talet tok dei ei elektronisk retning, men er no attende i gamal stil. Då passer det perfekt for oss å få vere med, meiner Kvåle.

Større publikum

Det startar i walisiske Cardiff 16. april. I løpet av april blir det 13 konsertar i både England og Skottland. Det blir hektisk, men også spanande. Det var i samband med eigen turne at Vreid kom i kontakt med managementet til Paradise Lost.

Då spørsmålet kom var ikkje sogningane vanskelege å be.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vreid på Bylarm 2010

VREID: Rocka Bylarm 2010.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Det gir oss tilgang til eit mykje større publikum i England. Vi er booka inn på konsertlokale som ligg på mellom 500 og 1 300 i kapasitet. Skulle vi gjort det, så hadde det blitt lokale med kapasitet på 150 til 300 tilskodarar. Det blir eit løft med Paradise Lost og gjir oss både større publikum og eit litt anna publikum, håpar Kvåle.

– Blir stort

Britane, som henta namnet sitt frå John Miltons episke dikt med same namn, har gjeve ut 12 album.

For Kvåle blir det ei litt spesiell oppleving, og prikken over i'en å få turnere med gamle heltar.

– Det er ein av våre tidlegare heltar. For min del byrja eg å høyre på dei så seint som i 1992, og såg dei spele i Oslo på Sentrum Scene i 1992. Å få reise på turne med dei i England 20 år etter blir stort for oss, seier Kvåle.

Vreid + ballett

Etter eit svært aktivt og godt 2011, som vart trona med Spellemannspris-nominasjon , går Vreid inn i eit spanande 2012.

Dei siste månadene har bandmedlemene nærast isolert seg for å jobbe fram eit nytt album som dei håpar å spele inn i haust.

Før turneen med Paradise Lost, reiser bandet for første gang til India, der dei skal medverke i oppsetjinga «Questionings».

– Koreografen fekk føre seg at ho ville lage ei framsyning som inneheldt indisk tradisjonellmusikk, tradisjonell ballett frå India og norsk metall, seier Kvåle.

Prøve noko nytt

Etter nokre års dialog vart det i fjor haust klart at Vreid reiser til India første del av mars for å øve inn stykkjert. I juni kjem framsyninga heim til Norge – og operahuset i Oslo.

– Musikken til Vreid og ballett, det er ein kombinasjon eg har vanskar med å sjå føre meg.

– Det har vel eigentleg vi også. Hehe ... nei, det handlar eigentleg om å tore å opne nye dører og prøve nye ting. Det blir eit heilt spesielt musikalsk og visuelt uttrykk over det. For oss er det også litt av spiriten i det å drive med metal å prøve å gjere noko anna enn det som er trygt og etablert, seier Kvåle.

Viktig marknad

Kvåle fortel at Russland og Asia er blitt meir og meir viktig som platemarknad. Spesielt Kina og India. Noko Vreid håpar å kunne kapre delar av gjennom oppsetjinga.

– Der er metallen veksande. Men det er klart at ein ikkje treff kjernen av metallinteresserte på ei teaterførestilling. Likevel vonar vi å kanskje treffe noko av dei, seier Kvåle.

– No blir det ballett i denne omgang. Kva med Opera?

– Hehe ... Kven veit. Kanskje neste år? Men vi skal no spele på Operahuset.