Hopp til innhold

Sogningar med metallsuksess

Dei tunge rockarane i Vreid frå Sogn blir rost opp i skyene av internasjonale platemeldarar.

Vreid på Oslo live 2009
Foto: Per Ole Hagen / NRK

I starten av februar kom svartmetallbandet Vreid frå Sogn med si nye plate. Bandet var spent på mottakinga. Men det skulle det vise seg at dei ikkje trengde å vere bekymra. Etter at plata "V" kom ut har nemleg rosande platemeldingar strøyma på.

-V for Victory

Britiske Metal Hammer skriv: «V» inneheld 9 feilfrie låter, og at tittelen må stå for «Victory» for Vreid. Både VG, BT og Dagbladet har rulla terningkast fem.

- Vi utviklar oss heile tida. Dette er nok den mest komplekse plata vi har laga. Det seier trommeslagar Jørn Holen til lokalmusikkprogrammet Lutt på NRK Sogn og Fjordane.

Store festivaljobbar

Saman med dei gode meldingane står også festivaljobbane i kø for Vreid. Blant anna skal dei spele på Øyafestivalen i Middelalderparken i Oslo. Dei dukkar også opp på fleire av dei store metall og rock festivalane i Europa, som Wacken Open Air og Summer Breeze.
Sjå og; Vreid sin video av The sound of the river.

Heim til Sogn

Vreid på Bylarm 2010

Vreid deltok på Bylarm 2010.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Søndag 20.februar blir bandet å høyre på heimebane i Sogndal for første gong sidan 2007. Då spelar dei musikk frå den nye plata på utestaden Meieriet under studentveka i Sogndal. Denne konserten er ein del av ein turne fleire stader Norge.

Her kan du lese nokre av meldingane Vreid har fått for plata "V."

6/6 i scream magazine: http://www.screammagazine.com/modules.php?name=Sections&op=viewarticle&artid=34

9,8 av 10 mulige i Belgia: http://www.metal-nose.org/news.php?item.1048.24

8 av 10 her: http://www.dingsoyr.no/2011/01/review-vreid-v-album-terrorizer

Terningkast 5 i vg: http://www.vg.no/musikk/artikkel.php?artid=10029918

10 av 10 frå Tyskland: http://powermetal.de/review/review-Vreid/V,17664.html?utm_source=feedburner&utm_medium=feed&utm_campaign=Feed%3A+PowermetaldeReviews+%28POWERMETAL.de+Reviews%29&utm_content=Twitter

616 av 666 (sic!): http://www.nightspirit.no/2011/02/review-vreid-“v”/

Fem av seks i bt: http://www.bt.no/bergenpuls/musikk/anmeldelser/Sogne-metallens-store-soenner-1248107.html

Fem av seks i Tyskland: http://www.metal-impressions.de/?p=11989