Hopp til innhold

Pony The Pirate er Årets Urørt

Bandet Pony The Pirate vart Årets Urørt fredag kveld.

Pony The Pirate Årets Urøt 2009 i NRK P3
Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

Gruppa, med Camilla Sæle Merkesvik frå Ortnevik og Kurt Andrè Aase frå Bygstad, utklassa konkurrentane i NRK P3 sin talentkonkurranse.

Ubeskriveleg

Høyr: Pony The Pirate bli Årets Urørt 2009
- Dette er heilt ubeskriveleg. Heilt overraskande. Vi trudde ikkje vi kom til å vinne! Det sa bandet på scena etter å ha fått vite at dei vann konkurransen. Bandet vann med melodien "Walk the Shame."
Sjå Årets Urørt finale i reprise på nett-tv!

Heilt fantastisk

- Dette er rett og slett heilt fantastisk. Eg finn ikkje ord. Vi er overmåte glad! Dette var ei oppleving. Det seier trommeslagar Kurt Andrè Aase frå Bygstad til Lokalmusikkredaksjonen Lutt i NRK Sogn og Fjordane.

Juryen sin favoritt

Pony The Pirate utklassa med sine 13090 stemmer konkurrentane. Totalt vart kom det inn 18000 stemmer. I tillegg hadde juryen 50 prosent av avgjerda, og dei hadde Pony The Pirate som sine favorittar. I juryen sat P3 sin musikksjef Håkon Moslet, bransjebølle og plateselskapssjef Christer Falck, Dagbladets Sigrid Hvidsten og Turbonegers Thomas Seltzer.

-Ein fantastisk spennande vokalist og ein utroleg sterk låt, som eg likte med det same, og som eg ikkje har blitt lei etter å ha høyrt 20 gonger, sa Christer Falck.

Norgesturne i premie

Vinnarane av Årets Urørt får statuett, 25000 kroner og ein turne til 18 spelestader i heile Norge. Bandet har nett vore i Ortnevik og spelt inn EP som dei skal ha klar til deltaking på By:larm i Oslo i februar.
Sjå Vestlandsrevyen si sak om Pony The Pirate
Høyr reportasje frå innspeling av EP
Sjå presentasjonen av bandet under finalen.
Høyr Pony the Pirate i Lutt 8.januar 2009.

Dermed lukkast dei første artistane som deltek i nasjonale konkurransar denne helga. Laurdag er Good Time Charle og Steinar Engelbrektson band nominert til Spellemannspris, og Surferosa står på Grand Prix scena.
Spennande helg for lokalmusikken

NRK Sogn og Fjordane følger dei andre artistane utover helga.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.