Hopp til innhold

Spennande helg for lokalmusikken

Nominerte Spellemenn, deltakarar i Grand Prix og urørtfinalistar.

Pony The Pirate (Foto: Vegard Giskehaug)

Denne helga kan vi få to vinnarar av Spellemannsprisen, ein vinnar av NRK P3 sin Urørtfinale og ein utøvar vidare til finalen i Grand Prix.

Urørt på fredag

Pony the Pirate

Den lokalmusikalske helga startar alt fredag kveld. Då arrangerer NRK P3 finalen i sin talentkonkurranse Urørt. Pony The Pirate er ei av ti grupper som kan bli Årets Urørt. I gruppa finn vi Kurt Andrè Aase frå Bygstad i Gaular og Camilla Sæle Merkesvik frå Ortnevik. Vi følgjer sendinga, og vil gi deg lenkje til NRK P3 si sending på nett-tv her på fredag.
Les meir om Pony The Pirate
Sjå Urørtfinalen direkte her klokka 1930 i kveld.
Eller Høyr den på NRK P3 frå kl 18!

Spellemannspris på laurdag

Good Time Charlie
Foto: Magnus Stokka / NRK

På laurdag kan det bli storfest og to Spellemannsprisar til band frå fylket. Då er nemleg Steinar Engelbrektson band nominert i kategorien for danseorkester, og Good time Charlie i kategorien for blues. NRK Sogn og Fjordane følgjer utdelinga, og vil gi deg resultat og kommentarar laurdag kveld.
Les meir om dei to nominerte

Surferosa skal rocke Grand Prix

Surferosa
Foto: Fredrik Arff/Dinamo / NRK

Den første delfinalen i Melodi Grand Prix vert arrangert i Kongsvinger på laurdag. Der skal Mariann Thomassen og Surferosa framføre sin melodi U Look Good. Vi følger delfinalen og skal oppdatere deg på resultatet utover laurdagskvelden. Neste laurdag er det Tone Damli Aaberge som deltek i delfinalen i Grand Prix i Bodø.
Tone og Mariann på MGP-scena