- Det skuldast at plateselskapet ikkje trur denne musikken sel godt nok i Norge. Det seier Arild Aardalen i bandet Keldian frå Aurland.
Ikkje i norske butikkar
Keldian som består av Arild Aardalen og Christer Andresen, fekk internasjonal platekontrakt med Paris Records i fjor. Då kom debutplata deira Heaven's gate ut. Men ønskjer du å kjøpe plata, må du gå på internett. For i platebutikkane kjem den berre i utlandet.
- Det er jo litt ironisk, medgir Aardalen som i desse dagar gir ut si andre plate internasjonalt. Den nye plata har fått tittelen Journey of souls.
Rikt variert
Keldian er eit melodiøst metallband med ein god del inspirasjon frå 80-tals heavy metal og nyare power metal. Men dei er også innom både pop, klassisk og folkemusikk i stilen sin.
- Vi tenkjer ikkje så mykje genrer. Vi vil lage god musikk slik vi liker den. Då blir det slik det blir, sa Aardalen då han gjesta musikkredaksjonen Lutt på NRK Sogn og Fjordane.
Klar for Japan
Den første plata til Keldian har solgt 5000 eksemplar, og den har dei også kontrakt på skal komme ut i Japan.
- Dette er salstal vi er veldig nøgde med for å vere eit ukjent band som ikkje turnerer, seier Aardalen.
Studioband
Bandet er eit såkalla studioband. - Vi jobbar berre i studio, og turnerer ikkje. Ofte startar banda med turnering, så går dei i studio. Vi har gjort det omvendt. Det er lettare å få ting til i studio enn på scena, men før eller seinare så blir det nok turne, seier Aurlendingen.
God hjelp
På den nye plata har Keldian fått god hjelp frå musikarane Per Hillestad og Jørn Holen. Hillestad er kjend frå Lava og A-ha, medan Jørn er kjend frå Vreid. Bandet er også i gang med å jobbe på si tredje plate.