Omlag 2500 røyster kom inn til den første fylkestoppen i 2011. Det vart jamt blant dei sju artistane som kjempa om å vinne. Men Olav Stedje og Tom Stockman kom eit hestehovud før dei andre.
- LES OG;
Berre to låtar ut
Sidan det vart delt fjerdeplass blir fem melodiar med til fylkestoppen i februar. Dermed blir det berre to utfordrarar til neste månad. Fylkestoppen er Sogn og Fjordane si eiga musikkliste med artistar frå fylket.
Neste fylkestopp kan du høyre på NRK Sogn og Fjordane torsdag 24. februar klokka 11.