Hopp til innhold

Årets første fylkestopp

Her kan du røyste på din favoritt.

Olav Stedje

VINNAR: Olav Stedje vann Fylkestoppen i desember. Klarar han det igjen?

Foto: Simon Solheim

Resultat frå førre fylkestopp.
Fylkestoppen si første utgåve i 2011 høyrer du torsdag 27.januar klokka 11. For å røyste merker du av din favoritt, og trykker stem. Du kan maksimalt røyste ein gong i døgnet frå kvar pc. Siste frist er ein time før sending. Du kan også røyste på SMS under radiosendinga. Siste frist 27.januar klokka 10.
Ikkje utan deg - Olav Stedje

Røysteskjemaet er stengt.

Olav Stedje kom 4. oktober med si 12.plate med tittelen Ikkje Utan Deg. Plata fekk strålande melding frå musikkmeldar Atle Bredal i NRK. Mannen bak storslagarar som "Vi vandrar saman" og "Ta meg med," håpar at han framleis klarer å skape nye hit-låtar. På Fylkestoppen kom han i september inn med tittellåta frå den nye plata.

Kaupangersong - Budleriggen og Torevèr

Låta som kom på andre plass i desember var utfordar. Songen er henta i frå fotballmiljøet på Kaupanger. Songen har teke utgangspunkt i det lokal kraft-uttrykket for når det regnar i bøtter og spann, "Budleriggen og Torevêr." Vokalist i bandet "Kaupangersong", Njål Strøm-Sire, håpar supportersongen vil bidra til auka merksemd og entusiasme for grøntrøyene frå kaupangerskogen.

Diverse artistar - Bremangerreggi

Kva skjer når ein samlar ei gruppe musikarar i Bremanger ,og legg til litt jamaicanske reggaerytmer? Jau, då får ein ein Reggisang og ein musikkvideo om Bremanger. Ideen om Bremangerreggi vart til på eit omdømme prosjekt i regi av kystkommune. Når mange høyrer Bremanger tenkjer dei Terra-skandala, og det håpar Trond Strand at sangen og videoen deira kan forandre på.

God som eg var mot deg - Kathe Sunde

Kathe Sunde hadde stor suksess på fylkestoppen vinteren 2008 med songen "Om Englar Finst". No er strynekvinna attende. Denne gong med ei låt ho måtte til amerika for å få lov til å bruke. Den amerikanske komponisten og produsenten Billy Livsey har arbeida med kjente storleikar som Tina Turner, Kenny Rogers og Travis Tritt. Det er nordfjordingen Rogeir Haugen som står bak den norske teksten til "God som eg var mot deg".

Spelegalskap - Steinar Karlsen

Eikefjordingen Steinar Karlsen er ute med si første langspelplate på eigne bein. I starten av januar presenterte gitaristen i Good Time Charlie den nye instrumentalplata, Ulydium, for publikum på konstertstaden Jakcobs i Bergen. Låta "Spelegalskap" frå den nye plata er første utfordrar til fylkestoppen i januar.

Eg er havet - Liv Kreken

Liv Kreken frå Jostedalen i Luster fekk i haust svært gode meldingar for plata ho gav ut. Sidan den gong har det blitt mange spelejobbar og mykje merksemd for visesongaren. Mellom anna fekk ho med seg ein førsteplass på fylkestoppen. No prøver ho seg på fylkestoppen med låta "Eg er havet" frå debutplata si.

Uro - Tom Stockman

Tredje utfordrar til fylkestoppen neste torsdag er bandet Tom Stockman. Dei var i studio i fjor og spelte inn ei plate med fire spor. No har dei nett vore i Fjærland og spelt inn enno fleire songar. Bandet er sett saman av studentar frå ulike delar av Norge med base i Sogndal. Uro heiter låta som vi prøver på fylkestoppen i januar.