Desse kan vinne Luttprisen 2012

25 finalistar kan vinne Luttprisen - årets artist frå Sogn og Fjordane.

Eva Weel Skram får Luttprisen 2011

Eva Weel Skram fekk Luttprisen i 2011. No kan du vere med å bestemme kven som skal få den i år.

Foto: Øystein Torheim/NRK.

Prisen vert delt ut under Julelutt i Trivselshagen på Sandane 24.november.
Luttprisen er eit kunststipend av Oddvar Torsheim og 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. Publikum har hatt muligheita til å røyste i heile november. No er skjemaet stengt, og fagjuryen er samla.

Luttprisen vert delt ut under Julelutt i Trivselshagen på Sandane 24. november klokka 18.00.
Kjøp billettar til NRK julelutt her.

1. Sigrid Moldestad si nye plate, Himmelen har sove bort mørkret, kom på sjølvaste kvinnedagen i år. Ho fekk gode meldingar, og var også innom salgslista VG-lista med plata. Ho fekk årets Vossa Jazz-pris. Moldestad har spelt mange konsertar i år, mellom anna ein turne i flyktningleirar i Jordan.

2. Christer Sjølie Af Geijerstam frå Luster er blitt stjerne i Sverige. Han er medlem av boybandet Youngblood som har deltatt i den svenske versjonen av Grand Prix og gjort fleire store konsertar i folkeparkar.

3. Håvard Lothe starta året med eit lite Melodi Grand Prix-eventyr. Han fekk spele under delfinalen i heimbyen Florø. Vinnaren i den nasjonale finalen spelte også i same finale, men Lothe gjekk ikkje vidare.

4. Odd-Erik Lothe frå Eid gav i haust ut debutplata Blå song saman med bandet sitt Lothe. Albumet Låg inne på salgslista VG-lista i to veker, og musikkmeldar Atle Bredal meinte den gav ei slags umiddelbar og varm stemning på alle melodiar. Artistar som Sigrid Moldestad, Olav Stedje og Line Dybedal Vederhus var med på låtane på albumet. Lothe har også i 2012 vore aktiv i rockabillybandet Green Granadas og resamla sitt første band To levande og ein død på Sommarlutt i år.

5. Dagens andre finalist til Luttprisen er Eye Emma Jedi held fram sin suksess i 2012. Dei var blant banda som trakk fullt hus på Rockefeller under bransjetreffet Bylarm. Dette var berre ein av veldig mange store og små konsertar. Blant anna Hovefestivalen Bandet er mykje spelt av NRK P3. Frontfigur er Alexander Pavelich frå Nordfjordeid, som også spelte med bandet sitt på heimebane under Malakoff Rockfestival i år.

6. Siste finalist til Luttprisen i dag er Karl Seglem. Årdølen starta året med eit eige bestillingsverk til Vossajazz med tittelen som spor. For dette fekk han også NOPAs musikkpris no i haust. Samstundes fekk han også Egil Storbekkens Musikkpris. Juryen omtalar Seglem som ein institusjon innen norsk musikkliv. Seglem har også i 2012 turnert aktivt både i inn og utland.

7. Line Dybedal Vederhus frå Selje presenterte i 2012 sitt soloprosjekt. Ho vart sett på spelelistene sine med låta "It's an Illution," og gjorde det same med låta "Vere to" som ho gjer saman med Odd-Erik Lothe. Bransjetreffet for musikk i Sogn og Fjordane, Blest, plukka ho ut til å spele, og på dette arrangementet fekk ho også Furorestipend på 50.000 kroner. Line er også medlem av The Pink Robots som fortida har spelepause.

8. Jølster 2012. Folkemusikarane Sigmund Eikås, Synnøve S. Bjørset, Gro Marie Svidal og Erlend Apneseth frå Jølster er kvartetten som utgjer Jølster 2012. Dei røynde musikarane tolkar på prosjektet si plate slåttar frå Jølster på sin personlege måte. Jølster 2012 vart nominert til Folkelarmprisen 2012 i soloklassen.

9. I 2012 kom endeleg det andre albumet til rockabillybandet Green Granadas. Plata Ready, Set, Go kom ut både på cd og vinyl, og fekk gode meldingar. Bandet består av Roger Allan Ivin fra Sogndal, Odd-Erik Lothe fra Kjølsdalen, Inge Villy Hauge fra Bremanger, Ståle Søndrål Wick fra Hol i Hallingdal.

10. Himora er bandet til Florøværingen Terje Kjørlaug. Musikk frå plata "Argue all you want" har vert å høyre på NRK Sogn og Fjordane i 2012. Bandet var tidlegare kjent som Hayseed, og spelar retro hardrock med massevis at 70-talspreferanser.

11. Let's be Light består av Lise Kristin Kvenseth frå Leikanger på Stad og Stian Kjelstad Granmo. Bandet startet samarbeidet våren 2010, ved å eksperimentere og utforske forskjellige musikalske uttrykk. I 2012 vart dei plukka ut som vekas Urørt på NRK P3, og fekk spele på NRK Sommarlutt på Malakoff Rockfestival.

12. Odd-Einar Nordheim frå Årdøl fekk mykje skryt og kom eit godt stykke i TV2 sin talentkonkurranse The Voice. Han valde Josef frå Madcon som sin mentor, men når direktesendingane starta, ramla Odd ut av konkurransen.

13. Den unge folkemusikarane Nikolai Storevik frå Stryn fekk i haust Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele. Nikolai har synt ei særskild god utvikling dei siste åra og merkar seg ut med ein uvanleg sterk musikalitet og ei kreativ evne til å skape sjølv, meinte juryen.

14. Thea Hjelmeland gav ut debutplata si under bransjetreffet Bylarm i Oslo i vår. Både Aftenposten og VG gav ho terningkast fem for albumet "Oh, the third." Etter debuten har ho turnert med årets spellemann Jarle Bernhoft, samt spelt ei rekkje små og store konsertar i Norge og Frankrike.

15. Vegard Leite vart nummer to i årets utgåve av Idol på TV2. Den unge musikaren frå Værlandet fekk stor støtte i folket. Saman med onkelen Bård Leite var dei i sommar i LA for å spele inn debutplate som kjem seinare. Dei har også spelt ei mengd små og store konsertar, mellom anna på NRK Sommarlutt på Malakoff Rockfestival.

6. Bård Leite deltok i TV2-programmet The Voice. Han fekk Hanne Sørvaag som sin mentor, men gjekk etterkvart ut av konkurransen. Deretter reiste han saman med nevøen sin Vegard Leite til LA for å spele inn plate.

17. Kjell Madsen frå Raudeberg har gått frå å spele inn album til å gi ut singlar. Han har i 2012 gitt ut singelen "Bryr du deg" som har fått speling på NRK Sogn og Fjordane.

18. Divisjonen er Henrik Hellevik sitt nye band der han lagar låtar på norsk. Hellevik kjem frå Askvoll og er tidlegare kjent i bandet Babe Rawlins. NRK P1 har plukka opp og spelt fleire av låtane frå det nye bandet i 2012.

19. Ferdarhag er eit nytt band som lagar låtar på nynorsk. I bandet finn vi Idol-semifinalist Hallvard Mostrøm frå Gulen som har starta det saman med boren sin Torbjørn Mostrøm. To av låtane til bandet "Elvis" og "Is og Eld," har vore å høyrt i NRK P1 i 2012.

20. Tone Damli kom i vår ut med samleplate med hennar største hits så langt i karrieren. På plata låg det også fleire nye låtar som har fått mykje radiospeling i 2012. Den eine låta har ho spelt inn med svenske Eric Sade, og med denne fekk dei også suksess med i Sverige.

21. Vreid er verdsstjerner innan sin sjanger. Svartmetallrockarane har hatt eit spennande år med turne mellom anna i India der dei samarbeiddemed ei indisk danserinne. Med same prosjektet fekk dei også framføre i Operahuset i Bjørvika i Oslo. Vreid var også spellemannominerte i starten av året, utan å hente heim ein pris.

22. Asgeir Aarøen frå Sandane gav i 2012 ut albumet "Danza de Andalucia." Asgeir er ein av norges fremste flamencoartistar, og dette viste han på plata som fekk strålande kritikkar då den kom ut.

23. Sogningane i NRWY hadde eit aktivt år med bandet. Dei spelte mellom anna på Sommarflora, Fresn, Parken i Gaupne, Klubbøya og på Sommarlutt på Malakoff Rockfestival. Bandet har også vore i USA for å spele inn si komande plate.

24. Spitfire vart etablert i 2006 under namnet Supermarine Spitfire. Bandet mista i fjor bassisten sin i ei trafikkulukke. I år var dei endeleg klar med si nye rockeplate "Demon Train."

25. Eva Weel Skram frå Sogndal fekk Luttprisen i 2011. I år starta ho året med spellemannsnominasjon og jobbing i studio. I haust kom første smakebit frå den kommane plata. Traces of you heiter singelen som er lista i NRK Sogn og Fjordane og i NRK P3. Låta har i tillegg fått mykje merksemd på grunn av at Eva stiller naken i videoen.