- Vi har hatt ein stor draum om få å tolke eit par av Oddvar Torsheim sine låtar saman med Torsheim sjølv og Sigrid Moldestad. No får vi oppfylt draumen. Det seier Jarle Kvåle i svartmetallbandet Vreid.
Verdsstjerner
Bandet er verdsstjerner innan sin sjanger, og har turnert både i Europa, USA og i Asia. I vår fekk dei også æra av å vere det første svartmetallbandet som fekk spele i det nye operahuset i Oslo.
- LES OG:
- LES OG:
-Dette har du ikkje opplevd før
Prosjektleiar for konserten Stian Sjursen Takle i NRK seier dette er ei sjeldan hending.
- Dette er ganske unikt, og noko du garantert aldri har opplevd tidlegare. Kanskje kjem det aldri til å skje igjen, seier Sjursen Takle.
Det er låtane «Nynorskens skog» og« Eg og meg og Mona» som skal framførast i heilt ny og røffare versjon.
NRK Julelutt vert arrangert i Trivselshagen på Sandane laurdag 24. november klokka 18.
Sigrid Moldestad med band
Sigrid Moldestad skal ikkje berre spele saman med Vreid og Torsheim. Ho og bandet hennar gir deg også nokre av dei finaste låtane frå deira nyaste. Den har fått strålande kritikk, og dei har turnert land og strand.
- LES OG:
- LES OG:
Lothe hyllar Nordfjord
Odd-Erik Lothe frå Eid kjem til Julelutt for å hylle Nordfjord. Han gav i haust ut debutplata til bandet Lothe. Der finn du blant anna radiolåta «Nordfjordnatt» som dei framfører med Sigrid Moldestad. Både den og radiolåta «Vere To» med Line Dybedal Vederhus får du oppleve under Julelutt.
- LES OG:
Line på eigne bein
Line Dybedal Vederhus frå Selje har også sjølv hatt suksess med fleire eigne radiolåtar i løpet av året. Ho har fortid frå bandet The Pink Robots som vart kåra til Årets Urørt for 2010. No står ho på eigne bein, og kjem til Julelutt som soloartist med sjølvskrivne låtar.
Nytt, ungt og spennande fylkesband
I tillegg kjem eit nytt spennande band med navnet Mellow Marsh frå Firda Vidaregåande skule til Julelutt. Her finn du sju musikkglade ungdomar frå sju ulike kommunar i fylket. Dei er eigentleg eit coverband, men gir deg sjølvskrivne songar på scena under Julelutt.
Årets artist i Sogn og Fjordane
Det vert også utdeling av Luttprisen - årets artist frå Sogn og Fjordane under Julelutt på Sandane. Denne prisen er delt ut kvart år sidan 2006.
- LES OG: