I nasjonalanlegget for ski i Holmenkollen står det berre to skulpturar. Den eine av Kong Olav, medan den andre er av lustringen som nesten ingen i Norge har høyrt om.
Men Henrik Angell sette skispor etter seg, som går heilt inn i vår tid. Mellom anna førde han skiidretten til utlandet. Difor vart han også heidra i Beograd i dag.
– Angell er ein mann som framleis blir hugsa godt her, seier Nils Ragnar Kamsvåg, Norges ambassadør i Serbia, Montenegro og Makedonia.
Døydde i krig
Angell busette seg i Oslo då han flytta frå Luster. Før han døydde 60 år gamal under den russiske borgarkrigen, rakk han å bli offiser, framanlegionær, første nordmann i den internasjonale olympiske komité, eventyrar, skipioner, forfattar og føredragshaldar.
Men det er truleg som skipioner han sette størst spor etter seg. Ikkje berre fekk han nordmennene til å pusse støv av både ski og skikunnskapar. Han tok også kunsten med ut om landegrensene.
– Skientusiastar på ambassaden fann at det var han som førte skikunsten til Montenegro, fortel Kamsvåg.
(Artikkelen held fram under biletet)
Nasjonalhelt
Heile markeringa starta då «Sønene av dei svarte fjella» skulle gjevast ut på nytt i Montenegro. Redaktøren ynskte å halde føredrag om mannen som mellom anna lærte kongane i Serbia og Montenegro å gå på ski.
Med ry på seg som ein nasjonalhelt, såg dermed ei større markering dagens lys. I tillegg til føredrag om lustringen sitt virke, blir det filmframsyning og føredrag med Serbias fremste vintersportutøvar, Alexander Milenkovic.
– Han stilte i tre ulike OL, i tre ulike øvingar for tre ulike land. Han fortel om sine erfaringar som vinteridrettsutøvar, seier Kamsvåg om syklisten, skiskyttaren og langrennsløparen.
Vil byggje bru
Den meste kjende skiklubben i Serbia, SK Zlatibor, stiller med yngre krefter som har vidareført arven etter Angell.
Klubben vart skipa i 1938–16 år etter at inspirasjonskjelda døydde.
– Vi vonar å byggje bru mellom Angell si verksemd på 1890-talet, og Serbia Montenegro i dag. Vi håpar å inspirere til utvikling av skisporten, avsluttar Kamsvåg.