Lusterbedrift vantar fagfolk

Luster Mekaniske Industri i Gaupne må seie nei til nye kontraktar.

 

DSND Subsea Luster Industri
Foto: Steinar Lote / NRK

- Årsaka er at verksemda ikkje klarer å få tak i fleire fagfolk, seier dagleg leiar Geir Øren.

Luster Mekaniske Industri har for tida 80 mann i arbeid. To store kontraktar gjer at dei har arbeid til over sommarferien.

Må utdanne sjølv

LMI har fått tilbod om fleire oppdrag, men for tida må selskapet i Gaupne seie nei til nokre av desse jobbane fordi dei manglar utdanna sveisarar og røyrleggjarar.

Geir Øren seier dei har leita i heile Norge på jakt etter fagfolk.

- Dei finst ikkje, vi har leita rundt alle plasser.

Når ikkje fagfolka finst på marknaden ynskjer Luster Mekaniske Industri å sjølv utdanne nye sveisarar. Difor har dei søkt kommunen om 365 000 kroner i støtte for å lære opp ti personar som i dag er vikarar ved verksemda.