Hopp til innhold

Luftig galskap i Sogndal

Med saltoar på rulleski ut i fjorden og «dødsing» frå ti meter starta haustvarianten av den meir kjende Fjellsportfestivalen i Sogndal fredag kveld.

Dødsing og rulleskihopp på keia i Sogndal.

Brattmoro i Sogndal

– Fjellsportfestivalen har sett Sogndal på kartet som ein enormt bra ski og klatredestinasjon. No vil me vise fram kva me kan bruke fjorden og luftrommet over til. Og det er ganske mykje, seier festivalsjef for Fjell og Fjordmoro, Odd-Eivind Holo.

Norgescup i "døds"

Eit omfattande festivalprogram inneheld paragliding, fallskjermhopping, dykking, terrengsykling, kajakkpadling. I tillegg kjem ei rekke konkurransar som multisport-konkurransen «NERK Challenge», Dampskipskaien Open med rulleski ut i fjorden og Norgescup i «dødsing».

- Me har engasjert lag og organisasjonar rundt om i sogndal som driv med dette før. Altså eldsjeler som har peiling på det dei driv med og som kan dra med seg andre. Alt er basert på frivilligheit, seier Holo.

Dobbelthopp
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Galskap

– Når det gjeld galskapen så har me mykje ungdom her så finn på mykje galskap på ski om vinteren, og dei må jo ha noko å gjere på ellers om året også, legg Holo til.

Sentrum for festivalen er dampskipskaien i Sogndal sentrum, med kafé, servering og filmvisningar.

- I og med at det er den årstida det er kan me gjera mykje meir i sentrum. Når me for eksempel har servering på kaien. Eg er ikkje sikker på at det hadde gått om vinteren, seier festivalsjefen.