Hopp til innhold

Lufthamn med stadig nye rekordar

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim gler seg stort over auke i trafikken. Berre i januar hadde flyplassen i Florø 23 prosent fleire passasjerar enn same periode i fjor.

Stadheim og lufthamn

AUKAR STADIG PÅ: Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim er sjef for ein flyplass i stadig vekst.

Foto: Steinar Lote/Birger Meland / NRK

Den enkle forklaringa er at utvida tilbod fører til auka etterspurnad, seier flyplassjefen til Firdaposten. Etter svært gode tal for 2012 kan Stadheim no gle seg over nok ein rekord.

I årets første månad reiste det nesten 12.000 passasjerar til og frå kystbyen med fly, noko som altså er ein auke på 23,6 prosent frå året før, skriv avisa.

Stadheim seier til Firdaposten at ho trur størsteparten av passasjerauken kjem frå næringslivsreiser.

– Vi ser at det er høg aktivitet i lokalt næringsliv, til dømes er det ein del reiser knytt til aktivitet på verftet og oljebasen. I tillegg er det no fleire båtar som skiftar mannskap i Florø, det er ein aukande trend som fører til fleire passasjerar hos oss.