Hopp til innhold

- Arrogant helseminister

Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen (V) fekk ikkje svar i spørjetimen på Stortinget.

Gunvald Ludvigsen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Onsdag spurte Ludvigsen Bjarne Håkon Hanssen om når rusposten på Nordfjordeid kan starte.

Ingen garanti

Ludvigsen ville vite om Håkon Hanssen kunne garantere oppstart i 2010.

Men det kunne han ikkje. Istaden ramsa han opp ulike tiltak Regjeringa har på rusfeltet.


Skuffa


Ludvigsen seier at han er skuffa over helseministeren.

- Det som er vanlig når ein representant stiller eit spørsmål til ein statsråd er jo å få eit svar. Når ein ikkje får det vil eg seie at ein må kunne karakterisere statsråden som noko arrogant.

Men noko sterkare kritikk vil han ikkje kome med.

- Eg trur nok at mitt spørsmål vil bidra til at oppstart av rusposten kjem tidlig i 2010.