Publikum har ikkje akkurat storma Florø stadion under dei årlege friidrettsfestivalane. Stemneleiar Rune Osa håpar at OL-håp som hekk- sprintaren Christina Vukicevic skal trekkje folk i hopetal til stadion laurdag.
Skuffa stemneleiar
Mellom 500 og 1.000 menneske har vore på tribunane under Florø friidrettsfestival dei siste åra.
-Eg har nok alltid har vore skuffa over publikumstalet. Folk har ikkje kome i dei mengdene vi hadde håpa på. Eg håpar dei kjem i år, for vi har verkeleg eit godt stemne på gang i helga, seier stemneleiar Rune Osa.
Festivalen i år kan skilte med heile rekkja av nye, norske friidrettstoppar.
Vil til Kina-OL
I tillegg til at Christina Vukicevic skal jakte OL – plass på 100 meter hekk, håpar også sprintarane Ezinne Okparaebo og Elisabeth Slettum på Kina-tur.
Eit anna spenningsmoment er om den OL – klare sjukjemparen Ida Marcussen klarar å slette Berit Berthelsen sin norske lengderekord på 6.56 meter.