Hopp til innhold

Lokale krefter jobbar for Fundo

Eit lokalt initiativ jobbar med å berge Fundo.

Fundo Wheels i Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Vi kjenner til at det er eit lokalt initiativ, men vi har ikkje fått noko konkret tilbod derifrå, seier advokatfullmektig Kai Duesund.

Bustyret jobbar med å finne nye eigarar til den konkursråka felgfabrikken i Høyanger, men førebels er det ikkje kome inn eit einaste bod.

Samansett gruppe

- Vi veit at dei jobbar med saka, er det einaste Duesund ynskjer å seie om det lokale initiativet.

- Er det eit industrielt eller eit finansielt miljø som står bak?

- Det er ei samansett gruppering.

Kort tidsfrist

Fleire tyske fabrikkar innan bilbransjen har vore og sett på felgfabrikken. Tysdag er representantar frå Audi i Høyanger.

DnB NOR har garangert for drifta fram til 12. februar. Men dei som vil leggje inn bod må handle raskt. For banken treng ei avklaring i løpet av dei nærmaste dagane.

- Dei treng ei avklaring i så pass god tid at dei kan gjere ei fornuftig stenging av fabrikken viss det ikkje skal vere vidare drift, seier Duesund.

Håpar på ei løysing

Dusesund seier han ikkje vil spekulere i kor realistisk det er å få nye eigarar til Fundo.

- Vi må sjå kva desse interessentane kjem med etter at dei har gjort sine vuderingar, seier Duesund.

- Med med dårlege tider i bilindustrien og kort tidsfrist, trrur du på ei løysing for Fundo?

- Vi håpar på ei løysing, men det vil eg ikkje spekulere i før vi ser kva interessentane kjem med, seier Duesund.