Lokale kokkar i VM

Sogn og Fjordane var godt representert då det norske kokkelandslaget tok gull i første konkurranse av VM i kokkekunst i Luxembourg. Kristoffer Westvik Lofnes frå Måløy, Jan Erik Hauge frå Bremanger og Tonje Torvanger frå Sogndal er blant dei ti kokkane på landslaget. Laget fekk gullmedalje på sin 3-retters middag for 110 personar. Tysdag konkurrerer dei i kaldmat.

Jan Erik Hauge
Foto: ANNA MARXÈN