Hopp til innhold

Lokal Ap-topp i vestlandskommune sikta for seksuell omgang med mindreårig gut

Ein av toppkandidatane til Arbeidarpartiet i ein vestlandskommune er sikta for seksuell omgang med ein mindreårig gut. Mannen erkjenner straffskuld.

Partisida til mannen som er sikta i Ap

Personsida til mannen er allereie fjerna frå partiet sine nettsider.

Faksimile: arbeiderpartiet.no

Det var VG som meldte dette først søndag kveld. Avisa skriv at vedkomande har trekt seg frå alle verva sine i partiet og slutta i jobben sin.

Til VG forklarar politikaren sin forsvarer at klienten hans møtte den fornærma på ei datingside med 18 års aldersgrense.

– Etter nokre få treff fann han ut at den fornærma diverre var under den seksuelle lågalder, og avslutta då forholdet med ein gong, seier forsvararen.

Politikaren erkjenner at han har feilberekna alderen på den fornærma og er klar over det strenge aktsomheitskravet strafferetten opererer med.

Han har vore i avhøyr hjå politiet, lagt alle korta på bordet og er innstilt på å ta straffa si, seier forsvararen til NRK søndag kveld.

Han erkjenner dei faktiske forholda og han erkjenner også straffskuld.

– Han tek det fulle og heile ansvar for situasjonen som har oppstått, og er først og fremst oppteken av å skåna den fornærma for ytterlegare belastning, seier forsvararen.

Forsvararen stadfestar han vedkomande har trekt seg frå alle verv og slutta i jobben sin med umiddelbar verknad.

– Han er frykteleg lei seg for alle dei han har skuffa, seier forsvararen.

Den fornærma er mellom 14 og 16 år

Politiet stadfestar at dei har sikta ein mann for seksuell omgang med ein mindreårig gut.

– Han vart sleppt fri dagen etter då det vart vurdert at det ikkje var naudsynt å varetektsfengsla han vidare, seier politiadvokaten som har saka.

Politiet opplyser at mannen er sikta for seksuell omgang med born mellom 14 og 16 år. Det er éin fornærma i saka.

NRK har vore i kontakt med bistandsadvokaten i saka som ikkje ynskjer å uttala seg.

Partileiinga er orientert

LOs Kartellkonferanse

Partisekretær Kjersti Stenseng seier partileiinga er orienterte om saka.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

– Det er ei heilt rett avgjerd, seier Kjersti Stenseng, partisekretær i Arbeidarpartiet, til NRK, om at mannen har trekt seg frå alle sine verv i partiet.

Partileiinga er blitt orienterte om saka. Vedkomande står på kumulert liste framfor valet i haust.

– Når du står på liste no, får du ikkje gjort noko med det før etter valet. Då må vedkomande søka fritak, seier Stenseng.

Mannen sin tidlegare arbeidsgivar stadfestar til NRK at han den sikta har levert oppseiinga si.