Hopp til innhold

FrP kritisk til Høgre-framlegg

Dei håpar på ei borgarleg regjering frå hausten, men Høgre og Frp er djupt usamde om korleis E39 skal bli ferjefri.

Ketil Solvik-Olsen (Frp)

BRA, MEN: Ketil Solvik-Olsen og Frp er nøgde med utspelet frå sin potensielle regjeringspartnar Høgre sitt utspel om satsing både på intercity og E39. Derimot er dei kritisk til bompengefinansiering av E39.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I helga lova nestleiar i Høgre, Bent Høie, statleg finansiert utbygging av Intercity-jernbane på Austlandet om dei kjem til makta i haust.

Samstundes vil dei realisere ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim ved bompengefinansiering. Det stiller Frp seg kritiske til.

– Det er urimeleg at utbygging på Austlandet skal dekkast av staten, medan utbygging på Vestlandet skal finansierast med lokale ekstraskattar, seier finanspolitisk talsmann, Ketil Solvik-Olsen.

SV vil stogge

Bent Høie (Høyre)

NESTLEIAR: Bent Høie (H).

Foto: Aas, Erlend, Erlend Aas / Scanpix

Ferjefri E39 er blitt ei heit potet. Dei raudgrøne regjeringspartia knivast om kva landsdel som skal prioriterast, og togsatsinga i aust er blitt sett opp mot vegsatsinga i vest. Ein motsetnad Høgre og Høie meiner er oppkonstruert.

– Årsaka er at det ikkje handlar om dei same pengane, sa Høie.

Nyleg gav SV-leiar Audun Lysbakken klart beskjed om at dei ut frå eit miljøperspektiv ikkje vil prioritere ferjefri E39.

– Dei som latar som dei kan seie ja til alt, dei tek feil. Dei store pengane må gå til to ting: Kollektiv- og jernbaneprosjekt, samt trygge bruksvegar i distrikta, som er trygge for ras og har gul midtstripe, sa Lysbakken.

Ein som seier ja til alt, er derimot Høie i Høgre. Prislappen er på 230 milliardar kroner. Der 130 millionar statlege kroner skal nyttast på full Intercity-utbygging frå Halden, Skien og Lillehammer til Oslo.

E39 skal bli ferjefri for 100 milliardar kroner, og realiserast gjennom bompengar.

– Det Høgre seier er urealistisk. Vel er betalingsviljen stor på Vestlandet, men å ta inn 130 milliardar kroner på bompengar – det kan vi ikkje gjere. Ikkje berre vil det binde opp budsjetta fram til 2030, men også i mange tiår etter det. Det vil gå ut over resten av landet, sa samferdslepolitisk talskvinne i Arbeidarpartiet, Anne Marit Bjørnflaten til VG.

Meir oljepengar

I Frp seier Solvik-Olsen at hovudvegar og jernbane er eit statleg ansvar. Med tanke på eit mogeleg borgarleg regjeringssamarbeid, meiner han likevel at Høgre er på rett veg.

Han meiner det er uansvarleg økonomisk politikk å låne ut oljepengar til Danmark til 1 % rente, medan ferjefri E39 skal lånefinansierast til 3-4 % rente og nedbetaling via bompengar.

– Frp vil investere litt meir av oljeformuen i norske hovudvegar framfor å låne den ut billig og låne heim pengar dyrt til vegbygging. Difor trengst eit sterkt Frp i regjering. Her lar Høgre framleis Stoltenberg få styre logikken. Men helgas avklaring viser at Høgre er på rett veg, seier Solvik-Olsen.

Må skrote praktisering

Samstundes vender dei tommelen opp for Høgre sine Intercity-lovnader, og meiner løftet betyr at dei må skrote dagens praktisering av handlingsregelen for oljepengar.

– Det er ikkje mogeleg å gjennomføre ein statleg finansiert intercitysatsing utan at Høgre samstundes lausriv seg frå APs gamaldagse syn på investeringar og oljepengar. Det er gledeleg at Høgre nærmar seg Frp på det punktet, avsluttar han.