Hopp til innhold

"Det er så glatt at det er vanskeleg å halde seg på føtene"

Roger Bareksten rapporterte for NRK på ulykkesstaden på riksveg 5. Han fortel om så glatt vegbane at det var vanskeleg å halde seg på beina.

Roger Bareksten og ulykka

IKKJE TIL Å FØTE SEG: Roger Bareksten som rapporterte for NRK på ulykkesstaden, fortel om svært glatte tilhøve.

Foto: Roger Bareksten/privat / NRK

– Det er ekstremt glatt. Det er så glatt her vi er no at det er problematisk å gå på vegen, seier Bareksten.

Like etter klokka 8 onsdag morgon brasa to vogntog og tre bilar saman i ein kjedekollisjon på riksveg 5 i Flora kommune. Ulykka skjedde ved avkøyringa til Fjordbase, ved innkøyringa til Florø frå aust.

– Her gjeld det å ta det svært, svært roleg, seier Bareksten.

Vogntoget har sopa med seg personbilane

Han kom til ulykkesstaden før ryddearbeidet tok til, og har danna seg eit førebels bilete av kva han trur har skjedd.

– Det ser ut som det er tre personbilar som har komme frå vest og skulle køyre av til Fjordbase. Så ser det ut som vogntoget som har komme frå vest ikkje har klart å stoppe, men har byrja å skli, og teke med seg alle tre bilar inn i krysset, seier Roger Bareksten som fotograferer for NRK på skadestaden.

Samtidig har det komme eit vogntog frå aust som har prøvd å svinge unna.

– Dette vogntoget har velta og ligg på sida, seier Bareksten.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

MÅTTE TØMME: Alt av frukt og grønt måtte tømmast før lastebilen kunne rettast opp att. Foto/redigering: Ole André Rekkedal.

Ingen alvorleg skadde

Han karakteriserer situasjonen som kaotisk i staden, men like før klokka 09.00 er ein i ferd med å få rydda unna det verste. Ifølgje politiet skal ingen personar vere alvorleg skadde i ulykka.

– Det er ein del folk som går rundt her, men det ser ut til at det har gått greitt med dei involverte, seier Bareksten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjedekollisjon på riksveg 5 i Florø.

PÅ SIDA: Den eine traileren hamna på sida etter samanstøyten. Denne måtte tømmast for varer før han kunne løftast på rett kjøl.

Foto: Roger Bareksten

Glatt i heile fylket

Operatør ved Vegmeldingssentralen, Ketil Molvær, stadfestar at dei har fått meldingar frå heile fylket om at det er glatt, men spesielt i ytre strøk som i Florø, har det vore fleire innringjarar som har meldt om glatte vegar.

– Det er glatt mange stadar, så ta det med ro nokre timar framover, seier Molvær.

- Vi fekk melding i 8-tida om at var to vogntog og fire personbilar involverte. Ulykka skjedde vest for Florø, like ved avkøyringa til Fjordbase, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide.

Veit ikkje kor mange personar

Han har førebels ikkje oversikt over kor mange personar som var involverte i ulykka.

- Nei, eksakt tal kjenner vi ikkje. Men ingen skal vere alvorleg skadd, og ein person er send til legesjekk. Utover det er det ikkje noko, seier Vereide.

Han har heller ikkje klart for seg nøyaktig korleis ulykka skjedde.

- Det veit vi veldig lite om. Men det skal ha vore svært glatt på plassen. Elles tyder det på at bilane har hatt gode dekk, og det har vore låg fart inne i biletet, seier Vereide.

Vegen er førebels ikkje rydda.

- Det eine vogntoget må lossast for varer før det kan ryddast. Det er framleis omkøyring på gamlevegen rundt Brandsøya, på fylkesveg 548. Småbilar og lokaltrafikk kan også nytte Botnavegen, seier Vereide.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjedekollisjon på riksveg 5 i Florø

LÅG FART: Politiet trur dei involverte køyretøya har halde låg fart.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Tømmer bilen

Lastebilen må tømmast før han kan løftast opp att. Bilen var lasta med mykje frukt og grønt, og det får konsekvensar for Rema 1000-butikkane i Florø.

– Vi har litt på lur, så heilt krise vert det ikkje. Men vi blir tomme for bananar fram til i morgon, seier kjøpmann Ole Johan Rønnekleiv som er sjef for dei to Rema-butikkane i kystbyen.

– Det var vel seks til åtte pallar med frukt, grønt og daglegvarer som skulle til oss. Og så var det nokre pallar med blomster som skulle til butikken vår på Evja. Vi har fått beskjed om at alt må destruerast, dermed får vi ikkje nye varer før i morgon, seier Rønnekleiv.

Han er berre sjeleglad for at det gjekk bra med alle involverte.

Vi må berre vere glade for at ikkje folk gjekk med. Det er det einaste viktige, seier Rønnekleiv.

Mykje arbeid

Ole Johni Havn i Havn Auto står for bilberginga, og fortel at tømmejobben har vore omfattande.

– Vi er framleis ikkje i mål, men det nærmar seg, seier Havn til NRK.no i 12.30-tida.

Han har ikkje tal på kor mange tonn varer som var i lastebilen.

– Det kjenner vi ikkje til, men det var nesten full bil, seier Havn.