Hopp til innhold

Lettare skadd i MC-velt

Fodnestunnelen på riksveg 5 er opna med manuell dirigering etter eit trafikkuhell.

Fodnestunnelen stengd
Foto: Jan Chr. Jerving

– Vi har fått melding om at ein utanlandsk MC har vore uheldig, opplyser operasjonssleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ein passasjer på motorsykkelen skal vere lettare skadd, mens føraren kom fysiks uskadd frå velten.

Ambulanse, brannsvesen og politi rykte ut til tunnellen mellom Fodnes og Lærdalsøyri. Vegen var heilt stengd ein liten time.