Verksemda er eigd av Coop Norge Industri AS, og produserer syltetøy, juice og nektar som dei leverer til Coop sine butikkar.
Røra Fabrikker har 56 tilsette og hadde i fjor ein omsetnad på 152 millionar kroner.
Til Trønder-Avisa seier Torgeir Sveine som er administrerande direktør i Coop Norge Industri AS, at det er prisen som vil avgjere kven som får kjøpe fabrikken. Han seier og at utviklingsevne og innovativitet vil vere avgjerande.
Lerum er i følge Sogn Avis ein av fire-fem interessentar som ønskjer å ta over Røra.
Kva Lerum eventuelt vil gjere med Røra Fabrikker AS om dei får tilslaget vil ikkje Lerum ut med.
Det som er sikkert er at om Lerum er villig til å betale prisen det kostar å kjøpe fabrikken i Nord Trøndelag, er dei kvitt ein av sine argaste konkurrentar.