Hopp til innhold

Leiteaksjon på Voss etter tysk student

Store styrkar leita etter ein tysk student i 20-åra. Etter kort tid blei han funnen på ei hytte.

SKULLE PÅ TUR: Ein tysk student er sakna etter ein fjelltur på Voss.

Den tyske studenten skulle etter planen gå til Tvinnestølen og Volahytta på Voss. Då den tyske studenten ikkje kom tilbake på fredag, så blei han meldt sakna av medstudentar.

Mannen er student i Bergen, og ingen hadde høyrt frå han sidan fjellturen.

Både politi og Røde Kors leita etter mannen.

Like før kl. 11 laurdag blei mannen funnen på ei hytte på Voss.

– Alt står bra til. Han skulle overnatte på hytta, men det visste ikkje medstudentane. Rett og slett kommunikasjonssvikt, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

No skal studenten nyte resten av laurdagen på tur i fjellområda på Voss.

– Han blei overraska. Medstudentane gjorde heilt rett som melde frå, men det burde vore betre kommunikasjon, seier Hellesund.