Hopp til innhold

Fann død person etter leiteaksjon

I Lærdal har politi og frivillige søkt etter ein mann i 60-åra som har vore sakna sidan søndag kveld. Under søk langs Lærdalselvi vart det gjort funn av ein død person.

Søker langs elva med helikopter

SØKJER: Redningsmannskap søkjer langs Lærdalselvi med helikopter.

Foto: Bård Siem / NRK

Politiet fekk melding seint i går kveld om at ein mann var sakna i Lærdal.

Mannen i 60-åra var sist sett søndag kveld i 22.00-tida og skal vere med i eit arbeidslag av sesongarbeidarar.

Litt før klokka 16.00 tysdag vart det gjort funn av ein død person i Lærdalselva. Identiteten er ikkje bekrefta, men det er grunn til å tru at det er den sakna mannen som er funne.

– Pårørande er informert om dette. Lærdal kommune er informert og følgjer opp med psykososialt kriseteam, seier Marit Breistøl, tenestestadsleiar i ved Lærdal politistasjon.

Politiet vil etterforske breitt også i det vidare, men dette går fram som ei tragisk ulukke.

Det er ingen indikasjonar på at avdøde har blitt utsett for noko straffbart.

Politiet søkte gjennom natta og då dagslyset kom kalla dei inn det som fanst av tilgjengeleg mannskap, mellom anna blei ei hundepatrulje henta inn frå Bergen.

Frivillige frå Norske Redningshunder, Røde Kors og Norsk Folkehjelp har hjelpt i søket. I tillegg søkte eit redningshelikopter i området. Politiet er takknemlege for dette.

Om lag 35 personar deltok i søket.

Politi og frivillige ved Håbakken

SØK: Leitemannskap har søkt gjennom natta.

Foto: Jan Christian Jerving

Funn ved bru

Det var ein i arbeidslaget til mannen som melde han sakna.

– Vi har funne nokre eigendelar som kan knytast til han, og det er funne på ei bru, der sluttar alle spor, sa Jørgen Ommedal, operasjonsleiar i Vest politidistrikt tysdag føremiddag.

LÆRDAL: Politi og frivillige søkjer etter mannen.

Politiet har hatt innsatsleiar på staden gjennom natta og frivillige redningsressursar har søkt. Fleire av desse måtte avløysast i morgontimane etter ei lang natt med søk.

Gjennom dagen har søket blitt utvida og meir mannskap har kome til.

Bru ved Lærdalselvi
Foto: Bård Siem / NRK