Hopp til innhold

Leitar ut frå at mannen er i live

Redningshelikopter har i dag leita med varmesøkande kamera etter mannen som er sakna i Erdal i Stryn, utan resultat, fortel Wenke Hope som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Søker etter ustabil mann i Erdalen i Oppstryn

SIVILFORSVARET PÅ PLASS: I tillegg til politiet, redningshundar, ei alpin redningsgruppe, eit redningshelikopter er også Sivilforsvaret på plass i Erdalen i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Søket med helikopter er no avslutta.

Mannen i 20-åra frå Rogaland vart sist sett inst inne i Erdalen i Stryn der han forlét ein bil han hadde truga til seg med kniv oppe på Strynefjellet.

Det er ikkje gjort ein einaste sikker observasjon av mannen sidan laurdag kveld, og sjølv om det har vore leita med både hundar og helikopter har ein heller ikkje sett spor etter at mannen har vore i området.

Får hjelp av fly

Politiet har framleis som utgangspunkt å finne mannen i live, seier Wenke Hope.

– Helikopteret har floge over området, og har søkt i dalen og oppetter fjellsidene utan å ha funne noko.

No får dei hjelp av eit fly frå Norsk Aero Klubb som skal flyge over området, fortel Hope.

– Vi har og den alpine redningsgruppa og Norske Redningshunder i sving, i tillegg til politiet.

– Det er veldig ulendt og vanskeleg terreng å søke i, men viss ein leitar lenge nok så finn ein vel han, seier innsatsleiar Ole Tom Nord til NRK.no like før klokka 12.

– Leitar de og ut frå ein teori om at han kan ha kome seg vekk frå dalen?

– Vi konsentrerer søket om dalen. Vi har ikkje opplysingar som tilseier at han har kome ut derifrå. Vi har ikkje observasjonar på mannen andre stader.

Står heilt utan spor

Den ustabile mannen brukte kniv då han laurdag truga til seg ein bil i området opp mot Strynefjellet. Først seinare på dagen vart bilen funnen att i Erdalen i Oppstryn.

Politiet bad folk i området om å halde seg innandørs og byrja leite etter mannen.

Både laurdag og søndag vart det leita med store mannskap i området, og like før klokka 12 måndag har ein framleis ikkje sett spor av mannen som opphavleg er frå Rogaland.

I natt har fire politimenn gått ute og leita med lommelykt, og då dagslyset kom i dag tidleg vart til saman fem hundeekvipasjar sett inn i søket.

– I tillegg har eit Sea King-helikopter gjort søk no i føremiddag, seier Nord til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fann bilen inst i Erdalen i Oppstryn

UTAN SPOR: Ingen har sett mannen sidan han forlét ein stolen bil inst inne i Erdalen i Oppstryn.

Foto: Arne Vik / NRK

Leitar etter ein mann som er i live

Ole Tom Nord

I LIVE: Innsatsleiar Ole Tom Nord seier politiet har som utgangspunkt for søket at mannen framleis er i live.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ei alpin redningsgruppe frå Ørsta og Volda er også kome til staden. Dei er i ferd med å søke i eit område som er vanskeleg og ulendt. I tillegg er det også kome mannskap frå Sivilforsvaret som vil hjelpe til i søket.

Det har vore kaldt vêr i området sidan mannen forsvann, seinast i natt var det ned i 15 minusgrader.

– Kva er sjansane for å finne han i live, det har vore kaldt ute?

– Vi leitar jo framleis med det for auget at vi leitar etter ein person som kan vere i live, seier Nord til NRK.no.

Politiet kan ikkje utelukke at mannen har kome seg ut av området, men Nord trur dei vil finne han.

– Vi har ikkje observasjonar eller informasjon som tyder på at han er andre plassar enn i nærleiken av der han sist vart observert, seier Nord til NRK.no.