Hopp til innhold

- Skummelt og uverkeleg i trygge Erdalen

Dei om lag 50 personane som bur i Erdalen synest det er skummelt og uverkeleg at ein ustabil mann er sporlaust forsvunnen i deira heimbygd.

Kollasj leiteaksjon i Erdalen

SKUMMELT: John-Magne Erdal håpar politiet greier å finne den ustabile mannen som har gøymt seg i dalen.

Foto: privat/Arne Vik / NRK

– Det er litt uverkeleg at noko slikt skal skje i den trygge Erdalen. Vi er ikkje vant med eit slikt politioppbod som har vore her i helga.

Det seier John-Magne Erdal som bur i Erdalen i Oppstryn. Der leiter no politiet framleis etter mannen som flykta dit laurdag ettermiddag. Då hadde han truga til seg ein bil med kniv.

SISTE: Det er no avslutta søk med helikopter. Men mannskap frå Raude Krossen og politiet held fram leitinga. Dei vurderer fortløpande kor lenge dei skal halde på ut over kvelden.

– I går bad politiet dykk om å låse dørene og ta nøklane ut av bilane. Korleis er det å få ein slik beskjed?

– Nei, det er ikkje noko kjekt. Det seier seg sjølv. Vi låste både bilar og hus, og prøvde å vere forsiktige.

Røde Kors er med på søk etter mann i Erdal i Stryn

LEITAR: Politiet har ingen spor etter mannen som forsvant i Erdalen i Stryn.

Foto: Arne Vik (MMS-foto)

– Som å leite etter nål i høystakk

Politiet har ingen spor etter mannen som kjem frå Rogaland. Han er i 20-åra, tynn og om lag 180 centimeter høg.

– Vi har ingen observasjonar. Det er nesten som å leite etter nåla i høystakken, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge.

– Vi har ikkje sett noko til denne karen. Så det er ingen som veit kvar han er, seier Erdal.

I natt var det om lag 15 minusgrader i området.

– I føremiddag er det 11 minusgrader her med ein kald trekk frå breen. Det er ikkje noko bra å gå ute utan gode klede.

Har sperra av dalen

Over 50 personar bur i Erdalen. Både småbarnsfamiliar og pensjonistar.

– Vi har ungdommar som skulle på fest i går kveld, så då valte vi å hente og bringe til døra, fortel Erdal.

Både i natt og i dag har politiet sperra av inngangen til dalen. Alle bilar som skal inn og ut av dalen blir kontrollerte. Folk som ikkje har eit naudsynt ærend, blir ikkje slept inn.

– Det er litt kjedeleg viss dei ikkje greier å finne han. For då veit ikkje kva som luskar rundt her, seier John-Magne Erdal.

John-Magne Erdal

UROA: John-Magne Erdal og resten av dei kring 50 som bur i bygda fekk beskjed om låse dørene natt til søndag.

Foto: Privat