SISTE klokka 09.15: Politiet ber no friviljuge om å vere med på å leite, og ber dei i så fall om å møte på lensmannskontoret i Førde. Dei konsentrerer søket rundt Førdsnipa.
Politiet gjekk klokka 07.20 fredag morgon ut med namn og bilete av den sakna mannen.
Mannen vart meldt sakna av familien etter at han ikkje kom heim frå tur torsdag kveld.
Eit luftambulansehelikopter og mannskap frå brannvesenet og Røde Kors er tidleg fredag morgon ute og leitar etter mannen. Like før seks vart eit Seaking-helikopter med varmesøkjande kamera sett inn i søket. Ti personar frå brannvesenet og Raude Kors deltek i leitinga.
– Dei har gått ute omtrent i heile natt sidan vi fekk meldinga. I løpet av dagen vil nok det bli auka etter kvart som vi får tilgang til fleire mannskap. Sivilforsvaret er òg varsla, seier innsatsleiar Kjell Oddgeir Bolsø til NRK.no like før klokka 08.00.
Sist sett klokka 18.30 torsdag
Ifølgje politiet er mannen turvant og sprek, og brukar å gå og sykle i fjella rundt Førde.
Mannen er 1.80 meter høg og skal ha med seg ein hund, men politiet veit ikkje korleis han er kledd. Hunden mannen har med seg skal vere ein ungarsk gjetarhund, som er svart og krøllete. Ifølgje politiet bjeffar hunden viss andre personar kjem i nærleiken.
– Han skulle på ein kort tur i går kveld. Han er sist observert klokka 18.30 av familien. Han brukar då å vere heime innan det blir mørkt, eller seinast klokka 21. Men det var han ikkje, seier operasjonsleiar Olaug Holme som seier familien melde mannen sakna i 00.30-tida.
Det har vore opphaldsvêr i natt, klokka 06.00 er det ti grader i Førde sentrum. Politiet veit ikkje kvar mannen hadde tenkt å gå tur, men konsentrerer seg i første omgang om to område.
– Dei to plassane vi har fokus på er opp mot Førdsnipa og Viefjellet, Tefre inn mot Flugedalen. Det er med utgangspunkt i opplysningar vi har fått i løpet av natta, seier innsatsleiar Bolsø.
Ber publikum om hjelp
Politiet har ingen sikker informasjon om kvar mannen skulle på tur. Dei har leita i fleire av dei populære turområda.
– Vi har leita på Hafstadfjellet, på dei vanlege turplassane på Vie og no i morgontimane er vi på veg opp på Førdsnipa, seier Holme i 05-tida fredag morgon.
Ho ber no publikum om hjelp.
– Vi håpar at det kan vere nokon frå publikum som kan ha sett ein mann i går som var ute og gjekk tur med ein svart hund, seier ho.
Etter kvart som det lysnar vil politiet prøve å få ut enda meir mannskap, slik at dei får undersøkt turstiane i fjella rundt Førde sentrum grundigare.
NRK oppdaterer saka