Hopp til innhold

Opp mot 150 leitar etter sakna i Førde

Leitinga etter den sakna 55 år gamle Geir Inge Hilde i Førde har til no ikkje gitt resultat.

Leiteaksjon mot Førdsnipa

STORE MANNSKAP: Rundt 100-150 personar deltar i leiteaksjonen. Ingen har sett 55-årigen og den gråsvarte hunden hans.

Foto: Alf Vidar Snæland

Leitinga blir no konsentrert om området rundt Førdsnipa, men er litt utvida, seier innsatsleiar Kjell Bolsø i 14-tida.

– Vi har utvida vestover mot Skeistølen, og det kan bli aktuelt seinare å utvide mot Hornnes. I tillegg set vi eit søk i Slåtten-området, der den sakna bur, slik at vi får søkt gjennom nærområdet fortast mogeleg.

Fredag ettermiddag er mellom 100 og 150 personar med i leitinga, og det kjem stadig folk innom lensmannskontroet i Førde for å vere med. Redningshelikopteret har frakta opp to hundeekvipasjar.

– Vi håpar å få søkt gjennom mest mogeleg område før mørket kjem.

Delar av området der politiet no leitar etter den sakna mannen i Førde er krevjande å søke i, seier Bolsø.

– Det er mykje skog, i ein del område svært tett skog, så det er vanskeleg å sjå frå lufta. Difor brukar vi ein del bakkemannskap oppover i søksteigane. I tillegg er redningshelikopteret med i leitinga.

Rundt 100 personar deltek i leitinga - rundt 75 frivillige og 25 - 30 profesjonelle, opplyser politiet.

Sett i 18.30-tida i går

Det var tips frå folk som meinte dei hadde treft den sakna i går kveld som gjorde at leitinga i føremiddag vart konsentrert om området Hjellestølen/Førdsnipa.

– Vi hadde ein observasjon av det vi meiner var den sakna opp mot Førdsnipa i 18.30-tida, og den er så trygg at vi har valt å leite ut frå den i samråd med Operasjonssentralen og Hovudredningssentralen.

Kjell Bolsø

- TRYGG OBSERVASJON: Innsatsleiar Kjell Oddgeir Bolsø.

Foto: NRK

Operasjonsleiar Wenke Hope i Sogn og Fjordane politidistrikt sa i 10-tida at søket blir trappa opp.

– No har vi fått bistand frå Sivilforsvaret og Norske Redningshundar, i tillegg til at mange friviljuge har meldt seg. Vi prioriterer no området mellom Hjellestølen og Førdsnipa. Vi vil prøve å fly opp leitemannskap som kan søke oppefrå og nedover.

Grunnen til at dei prioriterer dette området er at det har meldt seg folk som meiner dei trefte den sakna der i går kveld.

Leiteaksjon i Førde etter sakna 55-åring

SAKNA: Det blir leita etter den 55 år gamle Geir Inge Hilde.

Foto: Privat/Arne Stubhaug / NRK

– Plar den sakna å dra på tur utan å seie frå kvar han går?

– Nei, det gjer han ikkje, og i går hadde han sagt at han skulle på ein rask treningstur, og var venta heim før det vart mørkt.

– Er det område som de no ser dykk ferdige med å søke i?

– Nei, vi er ikkje ferdig med noko område, men vi konsentrerer oss om Hjellestølen-Førdsnipa ut frå at folk hadde sett han der i går kveld, på veg opp mot Førdsnipa.

Det er no ti personar frå Sivilforsvaret med på leitinga, i tillegg til fleire lag og organisasjonar og andre friviljuge som har meldt seg.

Leiteaksjonen i Førde