Lei av karantene og isolasjon? Bli med NRK ut på tur

NRK Vestland sender direkte frå fylket. Bli med på ein guida tur og kanskje ein liten historietime.

Florø vart by ved kongeleg resolusjon under det stor sildefisket på midten av 1800-talet.
Sidan har fiskeri og oppdrett, skipsbygging og oljerelatert verksemd vore viktig for kystbyen.
Gatene er fulle av historie og lokalpatriotisme, og vi skal i dag få eit innblikk i dette med hjelp frå omvisarane Knut Magnussen og Harald J. Stavang.

FLORØ: Florø vart by ved kongeleg resolusjon under det stor sildefisket på midten av 1800-talet. Sidan har fiskeri og oppdrett, skipsbygging og oljerelatert verksemd vore viktig for kystbyen. Gatene er fulle av historie og lokalpatriotisme, og vi skal i dag få eit innblikk i dette med hjelp frå omvisarane Knut Magnussen og Harald J. Stavang.

Denne saka blir oppdatert kvar dag det er ny direktesending. Under her kan du sjå dei andre direktesendingane i opptak.

  • Første tur var på Nordnes med forfattar Gunnar Staalesen som guide.
  • Tysdag 24. mars gjekk turen til gruvene på Litlabø på Stord.
  • Onsdag 25. mars kunne du vera med bak veggane på sjølvaste Brann Stadion i Bergen.
  • Torsdag 26. mars var vi i Førde i Sunnfjord. Omvisar var Hans Jakob Reite.
  • Fredag 27. mars var vi på Smelteverkstomta i Odda, saman med omvisar Terje Kollbotn.
  • Måndag 30. mars var vi tilbake i Bergen. Byarkitekt Maria Molden tok oss med på ein historisk omvising i sentrum.
  • Tysdag 31. mars gjekk turen til Vossevangen. Omvisar er Eirik Helleve, som jobbar som formidlar på Voss Museum.
  • Onsdag 1. april vart det action då vi besøkte Bergen brannstasjon. Brannsjef Leif Linde viste oss rundt og vi får vere med på trening i sløkking av brann.
  • Torsdag 2. april gjekk turen til Universitetsmuseet i Bergen. Dei har stengd dørene under koronakrisa, men opnar museet for oss. Omvisar var Henrik von Achen, direktør ved museet.
  • Fredag 3. april gjekk turen til Hermansverk, den gamle fylkeshovedstaden i Sogn og Fjordane. Omvisar er Knut Henning Grepstad.
  • Onsdag 15. april gjekk turen til den no så stille cruise- og togbygda Flåm. Omvisar er tidlegare reiselivssjef og ordførar Noralv Distad.
  • Torsdag 16. april stod Røldal for tur. Ein gong var det Noregs nest mest besøkte pilegrimsmål, berre slått av Nidarosdomen. Omvisar er lokalhistorikar Oddbjørn Lynghammar.
  • Måndag 20. april guida professor Jørn Øyrehagen Sunde oss rundt på Baroniet Rosendal.
  • Tysdag 21. april var vi i industristaden Høyanger – bygda som har produsert aluminium i over hundre år. Bygda har overlevd to verdskrigar og eit utal finanskriser, men kva skjer no i koronakrisa? Omvisar er historikar Anders Timberlid.
  • Onsdag 23. april fulgde vi Statsraad Lehmkuhl inn i dokk på Laksevåg. Vi hadde eitt team om bord i det 106 år gamle skipet, og intervjua Haakon Vatle i Statsraad-stiftinga.
  • Torsdag 30. april er vi på Lammetun kystfort, yst i Fjaler ved innløpet til Dalsfjorden. Med eit mannskap på 96 befal og menige stod Lammetun kystfort med sine fire kanoner klart i 1942. I dag har anlegget blitt eit ynda turistmål for historieinteresserte. Omvisar er Frode Haugen.
  • Onsdag 6. mai fekk vi ei omvising på den gamle brannstasjonen i Bergen, og tor turen med ein gammal brannbil opp til Skansen stasjon. Undervegs fekk vi høyre brannhistorie.
  • Torsdag 7. mai går vi gatelangs i Måløy. Her fins ei av landets travlaste fiskerihamner, men byen har også ei spennande krigshistorie. Det var her leiaren for dei norske styrkane, Martin Linge, omkom saman med 141 andre menn i Måløyområdet. Omvisar er Terje Sølvberg.
  • Fredag 15. mai er vi i Florø – staden som vart by ved kongeleg resolusjon under det stor sildefisket på midten av 1800-talet. Sidan har fiskeri og oppdrett, skipsbygging og oljerelatert verksemd vore viktig for kystbyen. Gatene er fulle av historie og lokalpatriotisme, og vi skal i dag få eit innblikk i dette med hjelp frå omvisarane Knut Magnussen og Harald J. Stavang.

Måndag 23. mars 2020: Nordnes i Bergen

Gunnar Staalesen er sjølv oppvaksen i bydelen, har plassert Varg Veum som nordnesgut og har leia eit utal byvandringar i området.

Gjennom smug og allmenningar tek forfattaren oss gjennom hundreår av historie som gjev oss ei betre forståing for korleis Bergen har blitt den byen den er i dag.

Kvar dag går NRK Vestland direkte frå ein stad i fylket og gir deg ein liten historietime.

Forfattar Gunnar Staalesen tar oss med på ein guida tur i bydelen Nordnes i Bergen. Reporter Oddgeir Øystese, fotograf Anette Berentsen.

Tysdag 24. mars 2020: Litlabø på Stord

Her var Stordø Kisgruber i drift fram til 1967, og venelaget held framleis liv i det imponerande gruvearbeidet. Svovelkis var viktig for den tyske okkupasjonsmakta, og Litlabø vart åstaden for eit høgdramatisk raid av britiske kommandosoldatar.

Omvisar på Stord er Torbjørn Marthinsen.

Tysdag 24. mars går turen til Litlabø på Stord. Omvisar er Torbjørn Marthinsen. Reporter: Oddgeir Øystese. Foto: Anette Berentsen.

Tysdag 24. mars går turen til Litlabø på Stord. Omvisar er Torbjørn Marthinsen. Reporter: Oddgeir Øystese. Foto: Anette Berentsen.

Onsdag 25. mars 2020: Brann Stadion

Omvisar på Stadion er dagleg leiar Vibeke Johannesen.

Kvar dag klokka 11.00 går NRK Vestland direkte frå ein ny stad i fylket. Onsdag er turen komen til Brann Stadion i Bergen. Omvisar er dagleg leiar Vibeke Johannesen.

Torsdag 26. mars 2020: Førde sentrum

Kan det skjule seg skattar i det nokre kallar Noregs styggaste by? Hans Jakob Reite tek oss med på ein fin rundtur i Førde i Sunnfjord.

Kvar dag klokka 11.00 går NRK Vestland direkte frå ein ny stad i fylket. Torsdag 26.mars er turen komen til Førde. Omvisar er Hans Jakob Reite. Reporter og fotograf er Kaia Johnsen Viki (NRK)

Torsdag 26. mars er turen komen til Førde. Omvisar er Hans Jakob Reite. Reporter og fotograf er Kaia Johnsen Viki (NRK)

Fredag 27. mars 2020: Smelteverkstomta i Odda

Terje Kollbotn guider oss gjennom Smelteverkstomta i Odda. Reporter og fotograf: Tale Hauso

Terje Kollbotn guidar oss gjennom Smelteverkstomta i Odda. Reporter og fotograf: Tale Hauso

Måndag 30. mars 2020: Rundtur med byarkitekten i Bergen

SJÅ OPPTAK: Måndag 30. mars skal vi på ein guida tur med byarkitekt Maria Molden.

Tysdag 31. mars 2020: Omvisning på Vossevangen med Voss museum

Kvar dag klokka 11.00 går NRK Vestland direkte frå ein ny stad i fylket. Bli med på ein guida historietime på Vossevangen.

VOSSEVANGEN: Omvisar er Eirik Helleve, som jobbar som formidlar på Voss Museum.

Onsdag 1. april 2020: Omvisning og brannsløkking på Bergen brannstasjon

SJÅ OMVISING: Brannsjef Leif Linde tek oss med inn på Bergen brannstasjon. Dei har heilt spesielle arbeidsdagar under koronakrisa. NB: Etter 14 minutt blir bilde svart, men det kjem tilbake eit minutt seinare.

Torsdag 2. april 2020: Omvisning på Universitetsmuseet i Bergen

BERGEN: Omvisning på Universitetsmuseet i Bergen! Guide er Henrik von Achen, direktør ved museet.

Fredag 3. april 2020: Omvisning på Hermansverk

Han viser fram interessante stadar og fortel om dei.

HERMANSVERK: Bli med til Hermansverk i Sogn. Omvisar er Knut Henning Grepstad.

Onsdag 15. april 2020: Cruise- og togbygda Flåm

Bli med rundt i cruise- og togbygda Flåm. Her skulle det ha syda av turistar no, men alt er stille. Tidlegare reiselivssjef og gamle-ordførar Noralv Distad viser oss rundt i turistdestinasjonen i Sogn.

FLÅM: Bli med rundt i cruise- og togbygda Flåm. Her skulle det ha syda av turistar no, men alt er stille. Tidlegare reiselivssjef og gamle-ordførar Noralv Distad viser oss rundt i turistdestinasjonen i Sogn.

Torsdag 16. april 2020: Pilegrimsstaden Røldal

Lokalhistorikar Oddbjørn Lynghammar er omvisar når vi drar til stavkyrkja, pilgrimsstaden, fjellbygda og skidestinasjonen Røldal.

RØLDAL: Lokalhistorikar Oddbjørn Lynghammar er omvisar når vi drar til stavkyrkja, pilegrimsstaden, fjellbygda og skidestinasjonen Røldal.

Måndag 20. april 2020: Baroniet Rosendal

Professor Jørn Øyrehagen Sunde er omvisar på Baroniet Rosendal.

ROSENDAL: Professor Jørn Øyrehagen Sunde er omvisar på Baroniet Rosendal.

Tysdag 21. april 2020: Industristaden Høyanger

Bli med oss på ein rundtur i ei litt annleis Vestland-bygd der kulturen er litt røffare og byarkitektar tidleg vart hyra inn for å gi staden sitt særeigne småbypreg.

HØYANGER: Bli med oss på ein rundtur i ei litt annleis Vestland-bygd der kulturen er litt røffare og byarkitektar tidleg vart hyra inn for å gi staden sitt særeigne småbypreg.

Torsdag 23. april 2020: Statsraad Lehmkuhl går i dokk

STATSRAAD LEHMKUHL: Seglskuta Statsraad Lehmkuhl inn på tørrdokk på Laksevåg i Bergen.

Torsdag 30. april 2020: Lammetun fort

Yst i Fjaler ved innløpet til Dalsfjorden ligg eit godt synleg bevis på tyskarane sin aktivitet i Norge under Den andre verdskrigen. Med eit mannskap på 96 befal og menige stod Lammetun kystfort med sine fire kanoner klart i 1942. I dag har anlegget blitt eit ynda turistmål for historieinteresserte. Omvisar er Frode Haugen.

Yst i Fjaler ved innløpet til Dalsfjorden ligg eit godt synleg bevis på tyskarane sin aktivitet i Norge under Den andre verdskrigen. Med eit mannskap på 96 befal og menige stod Lammetun kystfort med sine fire kanoner klart i 1942. I dag har anlegget blitt eit ynda turistmål for historieinteresserte. Omvisar er Frode Haugen.

Onsdag 6. mai 2020: Gamle brannstasjonar i Bergen

BERGEN: Vi får ei omvising på den gamle brannstasjonen i Bergen, og tar turen med ein gammal brannbil opp til Skansen stasjon. Undervegs får vi høyre brannhistorie.

BERGEN: Vi får ei omvising på den gamle brannstasjonen i Bergen, og tar turen med ein gammal brannbil opp til Skansen stasjon. Undervegs får vi høyre brannhistorie.

Torsdag 7. mai 2020: Gatelangs i Måløy

MÅLØY: Her fins ei av landets travlaste fiskerihamner, men byen har også ei spennande krigshistorie. Det var her leiaren for dei norske styrkane, Martin Linge, omkom saman med 141 andre menn i Måløyområdet. Omvisar er Terje Sølvberg. 

Fredag 15. mai 2020: Florø

Florø vart by ved kongeleg resolusjon under det stor sildefisket på midten av 1800-talet. Sidan har fiskeri og oppdrett, skipsbygging og oljerelatert verksemd vore viktig for kystbyen. Gatene er fulle av historie og lokalpatriotisme, og vi skal i dag få eit innblikk i dette med hjelp frå omvisarane Knut Magnussen og Harald J. Stavang.

FLORØ: Florø vart by ved kongeleg resolusjon under det stor sildefisket på midten av 1800-talet. Sidan har fiskeri og oppdrett, skipsbygging og oljerelatert verksemd vore viktig for kystbyen. Gatene er fulle av historie og lokalpatriotisme, og vi skal i dag få eit innblikk i dette med hjelp frå omvisarane Knut Magnussen og Harald J. Stavang.