Hopp til innhold

Legg ned om kraftlina kjem

Mellom fem og sju gardsbruk i Eikefjord­-områdetkan bli lagde ned dersom den store kraftlina mellom Fardal og Ørskog går gjennom området.

Både i Eikefjord og i Ålfoten i Bremanger er grunneigarar sinte etter at olje- og energiministeren flytta traseen for kraftlina.

30 grunneigarar har klaga trasévalet inn til Sivilombudsmannen og håpar i det minste at lina blir flytta lengre vekk, skriv Bergens Tidende.

I verste fall kan mellom fem og sju gardsbruk bli lagde ned.