Hopp til innhold

Helse Førde droppa å teste lege som var smitta av farleg bakterie

Ein utanlandsk lege ved Førde sentralsjukehus skulle ha vore testa, men Helse Førde droppa det. No må mange titals pasientar bli sjekka for bakterien MRSA.

Sentralsjukehuset i Førde.

SMITTESTAD: Førde sentralsjukehus har ansvaret for pasientar frå Sogn og Fjordane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For få veker sidan kom legen frå eit land i Sør-Europa til Førde sentralsjukehus. Legen har fått fast tilsetjing som overlege.

Sjølv om sjukehuset visste at han skulle bli testa for MRSA, gjorde ikkje Helse Førde det før etter at han i ei veke hadde vore i kontakt med pasientar. Svaret på testen viste at han er smitta.

Desse bakteriane verkar ikkje vanleg antibiotika på. Forskrifta er at helsepersonell som har vore på sjukehus i utlandet blir testa før dei kjem på jobb.

– Dette er noko vi absolutt ikkje ynskjer skal skje. Vi kan ikkje anna enn å beklage og jobbe for å unngå slike feil i framtida, seier Laila Haugland, avdelingssjef ved medisinsk avdeling i Helse Førde.

39 pasientar må bli testa for smitte

Tabben skjer i kjølvatnet av at ein svensk vikarlege ved eit anna Helse Førde sjukehus, Nordfjord sjukehus, smitta ein pasient og ein sjukepleiar med koronaviruset. Legen brukte ikkje munnbind, og var heller ikkje testa for Covid-19.

Den gongen forsvarte Helse Førde seg med at dei følgde retningslinene frå helsestyresmaktene. Denne gongen har Førde sentralsjukehus handla i strid mot alle råd og retningsliner.

– I denne saka har vi gjort ein feil som vi beklagar på det sterkaste. Det er rett og slett ein rutinesvikt, og vi veit endå ikkje kvifor dette har skjedd, men vi meiner likevel at vi har gode retningsliner i Helse Førde, seier Haugland.

Ho seier at Covid-19 saka og MRSA-saka ikkje kan samanliknast når det gjeld alvor for pasientane.

– MRSA-tilfellet fører til ekstra bryderi for pasientane som må testast, men det er ikkje dramatikk på same måten som Covid-19. Pasientane kan leve som normalt og treng til dømes ikkje karantene, seier Haugland.

Legen har hatt kontakt med 39 pasientar ved poliklinikken. Sengepostane på sjukehuset er ikkje råka.

– Då vi oppdaga dette tok vi han ut av arbeid. Alle pasientane har fått informasjon om kva som har skjedd og skal bli testa i løpet av komande veke.

Helse Førde skal no finne ut kvifor legen ikkje vart testa som han skulle, men førebels har dei ikkje svar. Legen må bli kvitt bakterien før han kan kome tilbake i jobb.

Ekspert er lite imponert

Ein av landets fremste ekspertar på antibiotikaresistens, professor i infeksjonsmedisin Dag Berild, kan ikkje hugse å ha høyrt noko liknande.

– Dette er rutinesvikt. Det er forskriftsfesta at helsepersonell som har vore på sjukehus i utlandet skal testast mot MRSA, seier Berild.

Kvifor er ein så bekymra for MRSA?

– MRSA kan gi blodforgifting og sårinfeksjonar. Når dei er resistente er dei vanskelege å behandle. Det gjer at prognosane for å bli frisk er dårlegare.

Overlege Dag Berild

BER DEI SKJERPE SEG: Professor i infeksjonsmedisin, Dag Berild.

Foto: Hans Erik Lindbom / NRK

Berild meiner Helse Førde må stramme opp rutinane.

– Dette medfører ekstraarbeid for helsepersonell og uro for pasientane, og det er ekstra trasig om helsepersonell blir smitta.

– Kan desse bakteriane truge liv og helse til folk?

– I teorien ja, men i Noreg kan vi handtere situasjonen. Ein er ekstremt uheldig om ein døyr av MRSA her til lands. Men grunnen til at vi kan handtere dette er nettopp at folk følgjer rutinane mot å spreie bakterien.

Antibiotikaresistente bakteriar er rekna som eit av verdas største helseproblem, opplyser Berild.

– Resistensnivået er proporsjonalt med antibiotikabruken. Etter kvart har ein fått ned bruken av antibiotika i Noreg, og dermed fått ned resistensen, men då er det også viktig at ein unngår å importere bakteriar utanfrå, og då særleg på sjukehus der dei spreiar seg lett, seier han.

Følgjer opp legen og pasientane

Helse Førde seier overlegen ved Førde sentralsjukehus brukte hanskar og munnbind i all behandling, og heldt avstand til pasientane som fylgje av koronareglar.

– Dette gjer at det totalt sett er svært låg smitterisiko, seier Haugland.