Hopp til innhold

Legane fortvila over lange køar

Berre ein tredjedel av sjukeleg overvektige på vestlandet får tilbod om operasjon. Trass i at Førde sentralsjukehus har dobla talet operasjonar, er køane lange, seier overlege Villy Våge.

- Eg er fortvila på vegne av dei pasientane som lir og som vil ha dramatisk nytte av slike operasjonar, seier han.

Operasjon ved Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

Stort behov

Overlege Villy Våge stadfestar at langt ifrå alle sjukeleg overvektige som treng og ynskjer operasjon får det innan tidsfristen dei har krav på. Årsaka til dette er ifylgje Våge todelt.

- Dels er det eit oppsamla behov over 10-15 år då vi ikkje har utført denne typen kirurgi her i landet. I tillegg er det ein aukande førekomst av fedme i befolkninga, seier han.

For sjølv om Helse Vest i fjor bestemte at sentralsjukehuset i Førde skulle operere dobbelt så mange sjukeleg overvektige enn det dei då gjorde, ser ikkje dette ut til å gjere køen mindre.

Rett til operasjon

Fedmepasientar har i likskap med kreftpasientar etter lov rett til operasjon. For lite fokus på denne lova kan vere årsaka til den voldsame etterspurnaden i dag.

- Ein har vel ikkje innsett at desse pasientane har rett til naudsynt helsehjelp og det har ikkje vore eit tilbod til dei, seier han.

Skal prioriterast

Sjukdommar som reduserer livskvalitet eller gjev venta kortare levetid, skal prioriterast høgt.

- Så desse pasientane har rett til ein behandling innan ein tidsfrist. Men når det er eit stort oppsamla behov, så seier det seg sjølv at det er vanskeleg å oppfylle denne tidsfristen, seier han.