– Fisk og kaviar, fårepølse, baconost, kvitost og brunost.
Leander Heggenes likar mange slags pålegg på skiva si. Men i dag skal han smaka gamalost, og det er han litt spent på.
For i Vik barnehage, der Leander går, har dei denne veka før Gamalostfestivalen startar, lært mykje om sunne osten som blir laga i Vik:
– Gamalosten høyrest ut som om han er gamal, men han er ikkje det, fortel Leander.
- Les òg:
- Les òg:
Ungane er opne
Og det har 6-åringen heilt rett i. Gamalosten kan sjå gamal ut, men ikkje la utsjånaden lura deg, for ved Vik meieri treng dei berre 10 dagar på å laga salsmogen gamalost.
– Til å vera lagringsost er gamalosten ein av dei ferskaste du får. Men i løpet av seks-sju veker går osten over til å bli vellagra, fortel meieristyrar Per Henning Liljedahl.
Forklaringa på den raske mogninga er muggkulturen som blir tilsett. Gamalosten som blei laga på stølen derimot, måtte ta til seg den muggkulturen som var naturleg i rommet og trong difor lengre tid til å mogna.
Meieristyraren gler over at Leander og dei andre barnehageungane får smaka og læra om gamalosten:
– Ungar, som ikkje er påverka av andre, er opne for å smaka nye ting. Og dei fleste ungane likar gamalost.
«Pure umami!»
Ei utbreidd oppfatning er at gamalosten smakar og luktar sterkt.
– Dei mytane slit me med. Dei stammar nok frå eldre tider då osten blei laga på stølane, der smaken hjå einskilde kunne vera stram og lukta kraftig. Dagens ost luktar ikkje mykje. Og smaken av ein fersk ost kan beskrivast som søtleg bitter. Men etter tre-fire veker i kjøleskåpet, går han meir og meir over til å smaka umami, seier Liljedahl.
Umami betyr «god smak» på japansk og er den femte smaken ved sidan av surt, søtt, salt og bittert. Det var ein amerikansk journalist i National Geographic som gjorde Liljedahl merksam på umamismaken i gamalosten.
– Ho vitja folkemusikkfestivalen i Førde, der ho fekk smaka gamalost. Året etter kom ho til Vik. Då ho fekk smaka osten på nytt, utbraut ho «pure umami!». Me forstod ikkje kva ho snakka om og måtte søka opp på Internett etterpå for å finna ut kva «umami» var, humrar Liljedahl.
– Smakte godt
Vik meieri lagar om lag 90 tonn gamalost i året. Etter lang tid med produksjonsnedgang, har salstala dei siste åra byrja å gå oppover att.
– No kan det sjå ut som om også ungane har fått augo opp for gamalosten, og det er særs gledeleg, seier meieristyraren.
Tilbake i Vik barnehage har pedagogisk leiar Brita Sissel Turvoll dekka bordet med tyttebærsyltetøy, kjeks, rømme, yoghurt og banan, i tillegg til gamalosten, som har ho skore opp i høvelege skiver. Ho lagar til ein kjeks med gamalost, sylta og rømme til Leander. Han et opp halve i ein jafs.
– Det smakte godt, seier han.
Så forsvinn resten av gamalostkjeksen ned i magen, og Leander kan setja seg i lag med alle dei andre ungane i ein ring rundt Brita Sissel. Ho har nemleg henta gitaren ned frå veggen.
For borna har ikkje berre ete og lært om gamalosten denne veka; dei kan òg syngja ein song om osten, ein variant av Ottar Wiik sin hyllest til den magre osten som er laga av sur skummamjølk:
Ja me likar, ja me likar, gamalost og smør.
Legg han på ei skjeva, lenge skal du leva.
Ja me likar, ja me likar, gamalost og smør.